Minigrammatikk

Dei fyrste fem bolkane av denne minigrammatikken gir eit oversyn over formverket (ordbøyinga) i nynorsk. Den siste bolken handlar om ordval.
adjektiv
«Eigenskapsord». Ordklasse som uttrykkjer ein eigenskap ved eit substantiv:

eit stort område
Området er stort.

Adjektiv blir gradbøygde. Adjektiv har gradane positiv (grunnforma), komparativ (den sterkare graden, ofte brukt til jamføring) og superlativ (den sterkaste graden).

sterk (positiv) – sterkare (komparativ) – sterkast (superlativ)
adverb
Ordklasse som gjev nærare informasjon om anten verbet (1 og 2), substantivet (3) eller adjektivet (4):

1 Eg kjem tidleg på arbeid.
2 Møtet skal haldast her.
3 Berre rektor kom til møtet.
4 eit veldig langt møte

Adverb kan òg gjere om på heile innhaldet i setninga dei står i:

5 Eg kan ikkje/kanskje kome på møtet.
aktiv
Setningstype der det grammatiske subjektet utfører ei handling:

Kari skreiv eit brev.
Rektor gjekk på møtet.
attributiv stilling
Når eit perfektum partisipp  eller eit adjektiv står rett føre substantivet (som attributt), står dei i attributiv stilling.

eit kjøpt hus, det kjøpte huset, kjøpte hus
eit raudt hus, det raude huset, raude hus
ei lesen bok, den lesne boka, lesne bøker
ei open bok, den opne boka, opne bøker

Når perfektum partisipp og adjektiv står i attributiv stilling, skal dei alltid samsvarsbøyast.
attributt
Eit attributt er eit tillegg, dvs. ein ikkje-obligatorisk del av eit ordsamband. Attributt står oftast fremst i ordsambandet dei er ein del av:

veldig lange møte (Adverbet veldig er attributt til adjektivet lange.)

Lange møte er keisame. (Adjektivet lange er attributt til substantivet møte.)
avleiing
Vi kallar det avleiing når vi dannar eit nytt ord med utgangspunkt i eit anna ord ved å leggje til eit avleiingsprefiks eller avleiingssuffiks (sjå prefiks og suffiks).

Døme på avleiingar laga med suffiks:
bygging, bygning, lærar, kjærleik, nyheit.

Døme på avleiingar laga med prefiks:
umogeleg, misforstå, betale, fortelje.
bunden form (bestemt form)
Form av substantivet i eintal eller fleirtal. Bunden form viser oftast til noko som er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
bunden form eintal
Form av substantivet i eintal. Bunden form eintal viser oftast til noko som er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
bunden form fleirtal
Form av substantivet i fleirtal. Bunden form fleirtal viser oftast til noko som er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
demonstrativ
Påpeikande ord, undergruppe av ordklassa determinativ. Dei kan anten stå føre eit substantiv eller aleine:

Vi har bygd det/dette huset.
Den/denne boka vil eg gjerne lese.
Dei/desse spørsmåla er vanskelege.
Slike vener vil vi gjerne ha.
determinativ
«Bestemmarord».  Ordklasse med ord som står føre eller etter substantiv, og dei blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet. Vi reknar med tre hovudtypar av determinativ: possessiv (eigedomsord), demonstrativ (påpeikande ord) og kvantorar (mengeord):

Dette er huset vårt. Dette er min bil.
Vi bur i dette huset. Er det du som eig den bilen?
Vi bur i eit raudt hus. Eig de nokon bil?
genitiv
Form av substantivet som viser eigedomstilhøve eller tilhøyrsle:

Karis bil, Noregs lover, dagens rett

Genitiv kan i ein del tilfelle òg uttrykkjast ved hjelp av pronomenet sin:

Kari sin bil
Kven sitt hus er dette?

Eigedomstilhøve kan òg uttrykkjast på andre måtar enn med genitiv. På nynorsk er det vanlegaste å uttrykkje eigedomstilhøve med preposisjonsuttrykk:

bilen til Kari, huset til læraren
hjelpeverb
Verb som står føre det verbet som beskriv handlinga eller tilstanden (hovudverbet), og har ein grammatisk funksjon i samanhengen:

Kari har skrive eit brev til kommunen.
Kari skal skrive eit brev til kommunen.
Brevet til kommunen vart/er skrive (av Kari).
infinitiv
Ubøygd form av verbet, den verbforma som er oppslagsform i ordbøker. Ein brukar infinitiv etter infinitivsmerket å og etter modale hjelpeverb:

å skrive
Eg skal skrive ei bok.
komparativ
Den jamførande eller sterkare graden i gradbøying av adjektiv:

Kari er eldre enn Ola.
Eg er sterkare enn du er.
lånord
Ord som er innlånte i norsk frå andre språk så nyleg at vi er i stand til å identifisere dei som innlånte ord.

Somme lånord er er lånte for så lenge sidan at vi ikkje oppfattar dei som framande i det heile i norsk: katt (frå latin), kyrkje (frå gresk gjennom gammalengelsk).

Somme lånord er nyare, men likevel svært godt etablerte i norsk: arbeid (lågtysk), kommune (latin), pause (gresk).

I dag kjem flest nye lånord frå engelsk: service, ketchup, charter, input.
objekt
Setningsledd som beskriv den eller det ei handling rettar seg mot (direkte objekt), eller den eller det handlinga blir utført til fordel eller ulempe for (indirekte objekt):

Eg sende deg [indirekte objekt] eit brev [direkte objekt].
Kari gav Ola [indirekte objekt] ei bok [direkte objekt].
objektsform
Den forma av eit personleg pronomen som er objekt i ei setning, eller som står etter ein preposisjon. Nokre av dei personlege pronomena har lik subjekts- og objektsform:

Kari kjenner ikkje meg.
Ola kjenner henne/ho godt.
Vi legg oss alltid seint.
Eg snakka med deg i går.
passiv
Setningstype der det direkte objektet i ei aktiv setning er flytt til subjektplassen. Den handlande parten kan anten utelatast eller nemnast sist i setninga:

Brevet vart skrive (av Kari).
Brevet er skrive (av Kari).
Brevet skal skrivast (av Kari).  
perfektum partisipp
Form av verbet som står etter hjelpeverba ha og bli/verte:

Kari har skrive/sendt teksten.
Eg har vore på skulen i dag.

I nynorsk skal perfektum partisipp av sterke verb bøyast i samsvar med subjektet etter bli/verte og vere, medan svake verb kan samsvarsbøyast i same posisjon:

Teksten blir/vert/er skriven/send.
Tekstane blei/vart/var skrivne/sende.

Ein kan la perfektum partisipp av svake verb stå ubøygde etter bli/verte og vere:

Teksten blir/vert/er sendt.
Tekstane blei/vart/var sendt.
personleg pronomen
Pronomen som viser til ein eller ei gruppe personar, eller som står i staden for eit substantiv. Personlege pronomen blir bøygde i subjekts- og objektsform.

Eg ser deg. Ser du meg?
Vi skal besøkje dykk/dokker i sommar.
Sola, ho skin heile dagen.
positiv
Grunnforma av adjektivet, den forma som er oppslagsord i ordbøker:

ein ny bil – Bilen er ny.
eit stort område – Området er stort.
possessiv
Eigedomsord (tidlegare kalla eigedomspronomen), undergruppe av ordklassa determiniativ.  Possessiva speglar att dei personlege pronomena. Dessuten har vi det refleksive possessivet seg.

Bilen min står på parkeringsplassen. Dette er min bil!
Vi skal måle huset vårt raudt.
Ola ryddar rommet sitt kvar veke.
predikativ
Setningsledd (oftast substantiv eller adjektiv) som beskriv ein eigenskap eller ein tilstand. Verba vere og bli/verte tek predikativ som beskriv subjektet. Predikativ står stort sett etter verbalet.

Rommet er stort. Teksten var lang.
Ola er ein dyktig lærar.
Kari blei/vart glad.
Kari blei/vart avdelingsleiar etter to år i jobben.
predikativ stilling
Adjektiv og perfektum partisipp som står eller verba vere og bli/verte utan å vere attributt til substantivet, står i predikativ stilling. Adjektiv og perfektum partisipp av sterke verb skal alltid samsvarsbøyast i predikativ. Det er valfritt om ein vil samsvarsbøye perfektum partisipp av svake verb i predikativ stilling.

Rommet er stort. Teksten var lang. Eg blir/vert glad.
Boka er lesen. Brevet er lese. Bøkene er lesne.
Hytta er kjøpt. Huset er kjøpt. Husa er kjøpte/kjøpt.
prefiks
Orddel som står fremst i eit ord, og som ikkje kan vere eit sjølvstendig ord. Prefikset gjev heile ordet ei anna tyding enn det ordet prefikset står føre.

betale, anta, umogeleg, misforstå
preposisjon
«Forholdsord». Ordklasse med ubøyelege ord som uttrykkjer forholdet mellom ein person eller ein ting og noko anna, t.d. i, , av, mellom, gjennom.

Bergen ligg i Hordaland.
Katten ligg golvet.
presens
Notidsform av verbet:

Kari skriv eit brev.
Ola arbeider i hagen.
presens perfektum
Samansett fortidsform av verbet. Presens perfektum består av hjelpeverbet har eller er før perfektum partisipp av verbet.

Kari har skrive brevet.
Eg har betalt rekninga.
Ola er komen heim frå arbeid.
preteritum
Fortidsform av verbet:

Kari skreiv eit brev.
Ola arbeidde i hagen.
pronomen
«Tilvisingsord». Ord som står i staden for, eller som viser til eit anna ord som er nemnt tidlegare i teksten, t.d.:

eg, han, ho, dei, seg, kvarandre, kven, kva

Vi har dessutan det ubundne pronomenet ein, som ikkje viser til noko(n) som er nemnt tidlegare i teksten:

Ein må ha gyldig billett når ein skal gå på toget.
samnamn
Undergruppe av ordklassa substantiv. Substantiv som ikkje beskriv eitt enkelt individ eller éin enkelt ting: brev, bok, hus, mann, kvinne
stamme
Ein stamme er den delen av eit ord som er felles for alle dei bøygde formene av eit ord. Den eller dei bokstavane som stammen endar på, kallar vi stammeutgangen.

å kaste – kastar – kasta – har kasta
å lyse – lyser – lyste – har lyst
ein bil bilen – bilar – bilane
eit hus huset – hus husa
fin finare – finast
subjekt
Setningsledd som i dei fleste tilfelle beskriv kven eller kva som utfører ei handling:

Kari skreiv eit brev.
Ola sender eit brev.

I passive setningar kan det som er objekt i den aktive setninga, bli subjekt:

Brevet vart skrive.
Brevet blir sendt til mottakaren.
subjektsform
Den forma av eit personleg pronomen som er subjekt i ei setning. Nokre av dei personlege pronomena har lik subjekts- og objektsform:

Eg kjenner ikkje Kari.
Ho kjenner Ola godt.
Vi legg oss alltid seint.
Dei snakka med oss i går.
substantiv
«Namnord». Ordklasse som uttrykkjer ein ting, eit levande vesen eller eit abstrakt fenomen. Dei fleste substantiv (samnamn) blir bøygde i kjønn, bestemtheit og tal:

(ein) bil – bilen – bilar – bilane
(ei) dør – døra – dører – dørene
(eit) brev – brevet – brev – breva

Særnamn er òg substantiv:

Kari, Ola, Hansen, Oslo, Språkrådet, Utdanningsdirektoratet
suffiks
Orddel som står sist i eit ord, og som ikkje er eit sjølvstendig ord. I norsk har vi både bøyingssuffiks (bøyingsendingar) og avleiingssuffiks.

Bøyingssuffiks brukar vi når vi bøyer verb, substantiv og adjektiv:
Vi målar huset. Ho har lese boka.
Bilen min er finare enn bilen din.

Avleiingssuffiks lagar nye ord med utgangspunkt i eit anna ord:
lærar, bakar (av verba lære og bake)
køyring, skyting (av verba køyre og skyte)
bygning, bygging (begge av verbet byggje/bygge)
fridom, kjærleik, nyheit (av adjektiva fri, kjær og ny)
superlativ
Den sterkaste graden i gradbøying av adjektiv:

Kari er den eldste på arbeidsplassen.
Ola er sterkast på skulen.
særnamn
Undergruppe av ordklassa substantiv. Ord som blir bruka som namn på éin enkelt person eller éin enkelt ting: Kari, Ola, Hansen, Oslo, Språkrådet, Utdanningsdirektoratet
ubunden artikkel
Den ubundne artikkelen står føre eit substantiv i ubunden form eintal når vi omtalar noko som ikkje er kjent eller omtala på førehand. Høyrer til ordklassa determinativ:

ein gut – ei jente – eit barn
ubunden form (ubestemt form)
Form av substantivet i eintal eller fleirtal. Ubunden form viser oftast til noko som ikkje er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
ubunden form eintal
Form av substantivet i eintal. Ubunden form eintal viser oftast til noko som ikkje er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
ubunden form fleirtal
Form av substantivet i fleirtal. Ubunden form fleirtal viser oftast til noko som ikkje er kjent frå før:

(eit) brev – brevet – brev – breva
(ein) mann – mannen – menn – mennene
verb
Ordklasse som beskriv ei handling eller ein tilstand:

Kari skreiv eit brev.
Ola køyrer til jobben.
Vi bur i Bergen.

Verb blir bøygde i tid:

å skrive – skriv – skreiv – har skrive
å køyre – køyrer – køyrde – har køyrt
å bu – bur – budde – har budd/butt
verbalsubstantiv
Substantiv som er avleidde av, dvs. danna med utgangspunkt i, eit verb:

drøfting av drøfte
skriving av skrive
avgjerd av avgjere
vokalskifte
Ein del ord med uregelrett bøying får vokalskifte når vi bøyer dei:

ei bok – boka – bøker – bøkene
ein mann – mannen – menn – mennene
å kom(m)e – kjem – kom – har kome
å grave – grev – grov – har grave
stor – større – størst

Alle ord som får vokalskifte når dei blir bøygde, har uregelrett bøying for si ordklasse. Dei er altså unntak frå hovudregelen.