Minigrammatikk

Dei fyrste fem bolkane av denne minigrammatikken gir eit oversyn over formverket (ordbøyinga) i nynorsk. Den siste bolken handlar om ordval.

1 Substantiv

1.1 Hovudreglane for substantivbøying

På nynorsk har substantiv tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Hankjønnsord har ubunden artikkel ein, hokjønnsord ei, inkjekjønnsord eit.

Hankjønn, hokjønn og inkjekjønn har kvart sitt bøyingsmønster, og dette bøyingsmønsteret gjeld for dei aller fleste substantiva.

  • Hankjønnsord får endinga -en i eintal og -ar og -ane i fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein gut guten gutar gutane
ein hage hagen hagar hagane
ein lærar læraren lærarar lærarane
  • Hokjønnsord får endinga -a i eintal og -er og -ene i fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei sak saka saker sakene
ei jente jenta jenter jentene
ei liste lista lister listene
  • Inkjekjønnsord får endinga -et i eintal, inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
eit hovud hovudet hovud hovuda
eit hus huset hus husa
eit stykke stykket stykke stykka

1.2 Hankjønn

Hovudregelen er at hankjønnsord får endinga -en i eintal og -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein båt båten båtar båtane
ein politikar politikaren politikarar politikarane
ein hane hanen hanar hanane

1.2.1 Hankjønnsord med vokalskifte

Nokre hankjønnsord får vokalskifte i fleirtal. Desse orda skal ha -(e)r og -(e)ne i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein bror broren brør brørne
ein son sonen søner sønene
ein fot foten føter føtene
ein nagl naglen negler neglene
ein bonde bonden bønder bøndene

1.2.2 Hankjønnsord med uregelrett bøying

Nokre få hankjønnsord har heilt uregelrett bøying. Det vil seie at bøyinga ikkje følgjer eit bestemt mønster. Her må ein rett og slett berre lære seg dei ulike formene:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein far faren fedrar fedrane
ein mann mannen menn mennene
ein ting tingen ting tinga
ein sko skoen skor eller sko skorne eller skoa
ein feil feilen feil feila

1.2.3 Hankjønnsord som endar på -nad og -a

Når det gjeld hankjønnsord som endar på -nad og -a, kan du velje om du vil bøye orda med -er og -ene eller -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein stønad stønaden stønader eller stønadar stønadene eller stønadane
ein søknad søknaden søknader eller søknadar søknadene eller søknadane
ein sofa sofaen sofaer eller sofaar sofaene eller sofaane
ein kollega kollegaen kollegaer eller kollegaar kollegaene eller kollegaane

1.2.4 Hankjønnsord med valfri bøying

Ei gruppe hankjønnsord har valfri fleirtalsbøying, dvs. at du kan velje om du vil bøye orda med -er og -ene eller -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein stad staden stader eller stadar stadene eller stadane
ein gong gongen gonger eller gongar gongene eller gongane

1.3 Hokjønn

Hovudregelen er at hokjønnsord får endinga -a i eintal og -er og -ene i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei seng senga senger sengene
ei avis avisa aviser  avisene
ei gruppe gruppa grupper gruppene

1.3.1 Hokjønnsord som endar på -ing

Hokjønnsord som endar på -ing, får alltid endingane -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei melding meldinga meldingar meldingane
ei opning opninga opningar opningane
ei dronning dronninga dronningar dronningane
ei setning setninga setningar setningane

1.3.2 Hokjønnsord med valfri bøying

Ei gruppe hokjønnsord har valfri fleirtalsbøying, dvs. at du kan velje om du vil bøye orda med -ar og -ane eller -er og -ene i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei elv elva elvar eller elver elvane eller elvene
ei øy øya øyar eller øyer øyane eller øyene
ei helg helga helgar eller helger helgane eller helgene

Til denne gruppa høyrer òg mellom anna hei, kleiv, kvern, lever, merr, myr, møy, never, reim, røys, seter, sild, vik, øks, ør/øyr og ørn.

1.3.3 Hokjønnsord du bør merke deg

Det er tre hokjønnsord det er lett å bøye feil i ubunden form fleirtal, og det er orda dottermor og syster. Merk deg at endinga alltid blir -er i ubunden form fleirtal for desse orda:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei dotter dottera døtrer døtrene
ei mor mora mødrer mødrene
ei syster systera systrer systrene

1.4 Inkjekjønn

Alle inkjekjønnsord har endinga -et i bunden form eintal, inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
eit hus huset hus husa
eit eple eplet eple epla
eit dokument dokumentet dokument dokumenta
eit område området område områda

Mange gjer feil i ubunden form fleirtal og legg til -r eller -er.  

Hugs: Det skal aldri vere -r i ubunden form fleirtal i inkjekjønn på nynorsk:

Mange område er i dag øydelagde.
Eg skal vise deg fleire eksempel.
Vi har vore på mange lange møte.

2 Verb

I nynorsk er det valfritt med infinitiv-a (å lesa, å skriva) og infinitiv på -e (å lese, å skrive). Du må bruke den eine eller den andre endinga konsekvent i ein tekst, om du ikkje held deg til det austnorske systemet som heiter kløyvd infinitiv (å lesa, men å skrive). I denne minigrammatikken brukar vi infinitiv på -e.

Omgrepa a-infinitiv og e-infinitiv må ikkje forvekslast med a-verb og e-verb. Bokstavane a og e i a-verb og e-verb viser til vokalen i presensendinga (-ar eller -er), som du snart skal sjå.

Verbkombinasjonar som har kasta og hadde kasta heiter presens perfektum og preteritum perfektum. I tabellane nedanfor har vi forenkla presens perfektum til perfektum

I denne grammatikken er det mykje snakk om ei form som heiter perfektum partisipp. Det er forma av verbet etter hjelpeverba ha, vere og verte/bli. Døme: kasta i har kasta og vart kasta



2.1 Svake verb

2.1.1 a-verb

Dei fleste nynorske verba er a-verb. Dei har endinga -ar i presens og -a i preteritum og perfektum:

infinitiv presens preteritum perfektum
å kaste kastar kasta har kasta
å sykle syklar sykla har sykla

2.1.2 e-verb

E-verb har endinga -er i presens. I preteritum har dei endinga -te eller -de:

E-verb med -te i preteritum

E-verb med stamme som endar på f, l, s, k, p, t eller r (hugseregel: konsonantane i FLASKEPOSTAR) får endinga -te i preteritum og -t i perfektum:

infinitiv presens preteritum perfektum
å kjøpe kjøper kjøpte har kjøpt
å lære lærer lærte har lært
å hjelpe hjelper hjelpte har hjelpt
å tenkje eller tenke tenkjer eller tenker tenkte har tenkt
å treffe treffer trefte har treft
å reise reiser reiste har reist

Merk: ​Alle verb som har endinga -ere i infintiv, er e-verb:

infinitiv presens preteritum perfektum
å studere studerer studerte har studert
å notere noterer noterte har notert
å diskutere diskuterer diskuterte har diskutert

E-verb med -de i preteritum

E-verb med stamme som endar på vokal eller d, g eller v (hugseregel: konsonantane i V-DAG), får endinga -de i preteritum (-dde dersom stammen endar på vokal):

infinitiv presens preteritum perfektum
å byggje eller bygge byggjer eller bygger bygde har bygd/bygt
å sende sender sende har sendt
å leve lever levde har levd/levt
å arbeide arbeider arbeidde har arbeidd/arbeidt
å greie greier greidde har greidd/greitt
å leige leiger leigde har leigd/leigt

Verb med valfritt -de eller -te i preteritum

E-verb med stamme som endar på -m(m) og -enn, har -de eller -te i preteritum og -t i perfektum:

infinitiv presens preteritum perfektum
å kjenne kjenner kjende/kjente har kjent
å skremme skremmer skremde/skremte har skremt

Fire verb å merkje seg

Desse fire vanlege verba skal alltid ha -de i preteritum og -t i perfektum, trass i reglane ovanfor:

infinitiv presens preteritum perfektum 
å høyre høyrer høyrde har høyrt
å køyre køyrer køyrde har køyrt
å gløyme gløymer gløymde har gløymt
å gøyme gøymer gøymde har gøymt

Verb med valfri bøyingsending

Verb som endar på -de i preteritum og -d i perfektum på bokmål, kan ha -d eller -t i perfektum på nynorsk:

bokmål nynorsk
bygde – har bygd bygde – har bygd/bygt
levde – har levd levde – har levd/levt

2.1.3 j-verb  

J-verb har -je i infinitiv og inga ending i presens slik som dei sterke verba. Dei har som hovudregel vokalskifte i preteritum og perfektum.

infinitiv presens preteritum perfektum
å telje tel talde har talt
å fortelje fortel fortalde har fortalt
å selje sel selde har selt
å spørje spør spurde har spurt
å smørje smør smurde har smurt
å setje/sette set sette har sett
å symje sym sumde har sumt
å velje vel valde har valt
å venje ven vande har vant
å krevje krev kravde har kravd/kravt

Døme:

Eg sel berre kvalitetsvarer.     
Læraren spør om vanskelege ting.

2.1.4 Kortverb

Kortverb (òg kalla nå-verb) er verb som berre har éi staving i infinitiv, og som endar på rotvokalen. Dei har endinga -r i presens, -dde i preteritum og -dd eller -tt i perfektum:  

infinitiv presens preteritum perfektum
å nå r dde har nådd/nått
å bu bur budde har budd/butt
å tru trur trudde har trudd/trutt

Døme:

Bur du i USA? Ja, der har eg budd/butt lenge.

2.1.5 Uregelrette svake verb

Ei lita gruppe svake verb har heilt spesielle bøyingsmønster. Dei er mykje brukte, så du bør studere dei nøye:

infinitiv presens preteritum perfektum
å gjere gjer gjorde har gjort
å eige eig åtte eller eigde har ått eller eigd/eigt
å vite veit visste har visst
å seie seier sa har sagt
å leggje/legge legg la har lagt
å kunne kan kunne har kunna
å skulle skal skulle har skulla
å vilje vil ville har vilja

2.2 Sterke verb

Sterke verb har ikkje ending i presens og preteritum. Det skil dei frå svake verb. Dei fleste sterke verba har vokalskifte. Dei fleste har òg vokalskifte i preteritum og perfektum. Mange har vokalskifte òg i presens. I tabellane nedanfor har vi markert vokalane i infinitiv, preteritum og perfektum partisipp:

infinitiv presens preteritum perfektum
å fare fer fór har fare
å bite bit beit har bite

Ein deler gjerne dei sterke verba inn i sju klassar etter korleis vokalane skifter mellom verbtidene. I nokre klassar har alle verba same vokalskifte, i andre klassar er fellestrekka mindre tydelege. 

Mange av dei vanlegaste sterke verba står på lista nedanfor. Lista skal gje deg oversyn. Du er ikkje nøydd til å pugge bøyinga av kvart verb, for den finn du i ordboka.

Sterke verb, klasse 1. Vokalskifte: i - ei - i

infinitiv presens preteritum perfektum
å bite bit beit har bite
å drive driv dreiv har drive
å gripe grip greip har gripe
å skine skin skein har skine
å skrike skrik skreik har skrike 
å skrive skriv skreiv har skrive
å slite slit sleit har slite
å svike svik sveik har svike

Sterke verb, klasse 2. Vokalskifte: y - au - o

infinitiv presens preteritum perfektum
å bryte bryt braut har brote
å by/byde byr/byd baud/bydde har bode/bydd/bydt
å fryse frys fraus har frose
å krype kryp kraup har krope
å lyge lyg laug har loge
å nyte nyt naut har note
å ryke ryk rauk har roke
å skyte skyt skaut har skote

Sterke verb, klasse 3. Ulike vokalskifte, men oftast a (eventuelt open o) i preteritum

infinitiv presens preteritum perfektum
å brenne brenn brann har brunne
å drikke drikk drakk har drukke
å finne finn fann har funne
å rekke rekk rakk har rokke
å springe spring sprang har sprunge
å syngje/synge syng song har sunge
å søkke søkk sokk har sokke
å vinne vinn vann har vunne

Sterke verb, klasse 4. Vokalskifte: e - a - o (med visse unntak)

infinitiv presens preteritum perfektum
å bere ber bar har bore
å kome eller komme kjem kom har kome eller komme
å rekke rekk rakk har rokke
å skjere skjer skar har skore
å sleppe slepp slapp har sloppe
å stele stel stal har stole
å strekke strekk strakk har strokke
å vere er var har vore
å verte vert vart har vorte

Sterke verb, klasse 5. Vokalskifte: e - a - e (med visse unntak)

infinitiv presens preteritum perfektum
å be/bede bed/ber bad har bede/bedd/bedt
å drepe drep drap har drepe
å ete et åt har ete
å gje/gjeve eller gi gjev eller gir gav har gjeve eller gitt
å lese les las har lese
å reke rek rak har reke

Sterke verb, klasse 6. Ulike vokalskifte, men alltid o i preteritum (oftast trong o)

infinitiv presens preteritum perfektum
å fare fer fór har fare
å le ler lo har ledd/lett
å slå slår slo har slege/slått
å stå står stod har stått
å ta/take tek/tar tok har teke/tatt
å vege veg vog har vege
å vekse veks voks/vaks har vakse

Sterke verb, klasse 7. Ulike vokalskifte, men oftast e i preteritum og same vokal i perfektum som i infinitiv

infinitiv presens preteritum perfektum
å blåse blæs eller blåser bles eller blåste har blåse eller blåst
å få får fekk har fått
å gråte græt gret har gråte
å gå går gjekk har gått
å halde held heldt har halde
å låte læt lét har låte
å la/late lèt lét har late/latt
å tillate tillèt tillét har tillate/tillatt

2.3 Parverb

Både i bokmål og i nynorsk har ein parverb. Parverb er verb som liknar kvarandre, men som har ulik bøying og tyding. Hovudmønsteret er dette: Det eine verbet har svak bøying og tek direkte objekt, det andre har sterk bøying og tek ikkje objekt. Nokre parverb har ulike former i infinitiv (liggje/ligge og leggje/legge), medan andre har same form (brenne og brenne). 

Det sterke verbet tek ikkje objekt:

infinitiv presens preteritum perfektum
henge heng hang/hekk har hange
brenne brenn brann har brunne

Døme:

Avfallet ulma og brann i hagen. 
Jakka hang i skåpet.

Subjekt: avfallet og jakka. Ikkje noko objekt.

Det svake verbet tek objekt:

infinitiv presens preteritum perfektum
å hengje eller henge hengjer eller henger hengde har hengt
å brenne brenner brende/brente har brent

Døme:

Huseigaren brende avfall i hagen. 
Eg hengde jakka i skåpet.

subjekt: huseigaren, eg
objekt: avfall, jakka

Fleire døme på parverb:

Sterke verb som ikkje tek objekt:

søkke – søkk – sokk – har sokke
strekke – strekk – strakk – har strokke
sleppe – slepp – slapp – har sloppe

Merk særleg:

liggje – ligg – låg – har lege
sitje – sit – sat – har sete
Svake verb som tek objekt:

søkkje – søkkjer – søkkte – har søkkt
strekkje – strekkjer – strekte – har strekt
sleppe – slepper – sleppte – har sleppt

Merk særleg:

leggje – legg – la – har lagt
setje – set – sette – har sett

(J-ane i den siste kolonnen er valfrie; det kan heite søkke, sette osb.)

Døme i preteritum med utheva subjekt og objekt:

Berre subjekt:

Båten sokk på fem minutt.
Pengane strakk ikkje til.
Eg slapp opp for pengar.

Boka låg der framleis i dag.
Omar sat på sykkelen.
Subjekt og objekt:

Dei søkkte båten.
Ho strekte seg langt for å vere grei.
Eg sleppte alt eg hadde i hendene.

Ane la boka på bordet i går.
Lars sette sykkelen i bua.

2.4 Å bli og å verte

Du kan velje om du vil bruke å bli eller å verte. Dei to verba tyder det same.

I nynorskordbøkene finn vi desse bøyingane:

infinitiv presens preteritum perfektum
å bli blir blei har blitt
å bli blir vart har vorte
å bli blir vart har blitt
å verte vert vart har vorte

2.5 Aktiv og passiv

Vi kan uttrykkje ei handling med aktiv eller passiv seiemåte.

aktiv: Eg selde boka. Eg skal selje boka.
passiv:Boka blei/vart seld. Boka skal seljast.

Aktiv form av verbet krev subjekt. Med andre ord viser vi kven som gjer noko:

Einar sløkkjer lyset når han går frå kontoret.
Einar skal sløkkje lyset når han går frå kontoret.

Einar er subjekt, lyset er objekt. 

Passiv bruker vi når vi ikkje veit kven som handlar, eller dersom det ikkje er viktig å nemne det:

Lyset vert sløkt.
Lyset skal sløkkjast.

Merk at det som var objektet i aktivsetninga (lyset), er subjekt i passivsetninga.  

På nynorsk bruker vi hjelpeverb til å uttrykkje passiv. Det finst to måtar å uttrykkje passiv på:

1 Ei form av bli/verte + perfektum partisipp:

Alle søknader blir/vert behandla konfidensielt.
Ingen blir/vert kontakta før etter nærare avtale.

2 Eit hjelpeverb + hovudverbet med passivendinga -ast. Hjelpeverb er skal/skulle, vil/ville, kan/kunne, /måtte og bør/burde.

Skatten skal betalast på forskot.
Alle CV-ane må leverast inn før fristen.
Ingen kan straffast for uhellet.

På bokmål kan ein bruke s-passiv i presens:

Skatten betales på forskudd.
Alle søknader behandles konfidensielt.

Denne konstruksjonen utan hjelpeverb høyrer ikkje heime i nynorsk. Han er dessutan tvitydig. Er det tale om konstatering eller påbod? På nynorsk må vi finne ut om vi skal uttrykkje innhaldet med 1 (hjelpeverb + perfektum partisipp) eller 2 (hjelpeverb + -ast). 

På nynorsk brukar vi dessutan ofte aktiv i staden for passiv. Då gjer vi det klart kven som handlar, og språket blir litt meir levande. 

Vi behandlar alle søknader konfidensielt.
Vi tek kontakt først etter nærare avtale.

2.6 st-verb

Som du såg i bolken ovanfor, bør du vere på vakt mot passiv utan hjelpeverb i nynorsk, altså presens passiv på -st. Men nokre svært vanlege verb har endinga -st i alle former, og det er ikkje noko gale med dei. Dei kan ha alle slags tydingar (aktiv, refleksiv, resiprok og til og med passiv). .

infinitiv presens preteritum perfektum
å finnast finst fanst har funnest
å synast synest syntest har synst
å samlast samlast samlast har samlast

Alle desse verba har -ast i infinitiv, men det er berre nokre som har -ast i dei andre formene. Kva for nokre? Jo, dei som høyrer saman med eit aktivt a-verb. Merk at det berre er a-verb (verbHugs at dei fleste verba har e i endinga i presens (synest):

infinitiv presens preteritum perfektum
å finne/finna finn fann har funne
å syne/syna syner synte har synst
å samle/samla samlar samla har samla

Som du ser, byggjer st-verba på bøyingsformene ovanfor. Nokre konsonantar (som presens-r-en) fell bort når vi legg til -st.

Tenk alltid over kva «vanleg» verb som ligg under st-verba. Mange kjem i skade for å skrive «finnest» i presens. Sidan det ikkje er noko som heiter «finner» med -e- i presens, må det vere gale.

Merk at infinitivsendinga er -ast anten du vel e-infinitiv eller a -infinitiv i andre verb. Sjølv om du skriv å finne, må du skrive å finnast.

Her er ei liste over resten av dei vanlegaste verba av denne typen. Perfektumsformene er lite brukte og kan kjennast framande.  

infinitiv presens preteritum perfektum
å høyrast høyrest høyrdest (har høyrst)
å kallast kallast kallast (har kallast)
å kjennast kjennest kjendest/kjentest (har kjenst)
å krevjast krevst kravdest (har kravst)
å minnast minnest mintest (har minst)
å møtast møtest møttest har møtst
å sjåast sest sågst (har sest)
å skiljast skilst skildest (har skilst)
å skjemmast skjemmest skjemdest/skjemtest (har skjemst)
å slåst slåst slost har slåst
å snakkast snakkast snakkast har snakkast
å spørjast spørst spurdest (har spurst)
å trengast trengst trongst (har trungest)
å treffast treffest treftest (har trefst)
å trivast trivst treivst (har trivest)

2.7 Kortversjon av verbbøyinga

1) Svake verb

  • a-verb (kaste-klassa)
Desse verba har -ar i presens og -a i preteritum og perfektum.

infinitiv presens preteritum perfektum
å kaste kastar kasta har kasta
å sykle syklar sykla har sykla

  • e-verb (dømme-klassa)
Desse verba har -er i presens og -te eller -de i preteritum.

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å lyse lyser lyste har lyst
å prøve prøver prøvde har prøvd/prøvt

  • j-verb (telje-klassa)
Desse verba har -je i infinitiv, inga ending i presens (som dei sterke verba) og ofte vokalskifte i fortid:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å telje tel talde har talt
å selje sel selde har selt
å spørje spør spurde har spurt

  • Kortverb (nå-klassa)
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å nå når nådde har nådd/nått
å bu bur budde har budd/butt
å tru trur trudde har trudd/trutt

  • Uregelrette svake verb
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å gjere gjer gjorde har gjort
å eige eig åtte eller eigde har ått eller eigd/eigt
å vite veit visste har visst
å seie seier sa har sagt

2) Sterke verb

Sterke verb har inga bøyingsending i presens og preteritum. Dei fleste har i staden vokalskifte.

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å fare fer fór har fare
å bite bit beit har bite

3) st-verb

Nokre svært vanlege verb har endinga -st i alle former:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å finnast finst fanst har funnest
å synast synest syntest har synst

3 Adjektiv

Eit adjektiv står som regel til eit substantiv og fortel om eigenskapar ved substantivet. Adjektivet kan stå føre substantivet (attributiv stilling), eller etter (predikativ stilling):

Eg har ein raud bil. Vi har raude bilar (attributiv stilling)
Bilen min er raud. Bilane våre er raude. (predikativ stilling)

3.1 Samsvarsbøying av adjektiv

Adjektiv blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet det står til. Dei fleste adjektiv får inga ending i hankjønn og hokjønn, -t i inkjekjønn eintal og -e i fleirtal:

hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
ein fin dag / ei fin helg eit fint hus    fine klede
den fine dagen / den fine helga det fine huset dei fine kleda

Døme:

Vi såg eit fint hus og ein fin sykkel.
Eg henta ei gammal bøtte og eit gammalt vaskebrett.

  • Adjektiv som endar på -en, blir bøygde slik:
hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
ein open butikk / ei open dør     eit ope/opent vindauge    opne butikkar
den opne butikken / den opne døra det opne vindauget dei opne butikkane

Døme:   

Butikken er nok open, for dørene er opne.
Han er ein vaken gut med eit vake/vakent blikk.

  • Adjektiv som endar på diftong (som grei, brei, flau og lei) får endinga -tt i inkjekjønn:
hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
grei greitt   greie

Døme:

Ein brei veg bør ha eit breitt fortau.

  • To vanlege adjektiv, liten og eigen, har ei særskild form i hokjønn:
hankjønn hokjønn   inkjekjønn fleirtal
min eigen penn  mi eiga dokke    mitt eige hus    mine eigne ting
ein liten gut ei lita jente  eit lite barn  små/småe born
den vesle guten den vesle jenta det vesle barnet dei små/småe borna

Døme:

Vi kjøpte ein liten hammar og ei lita sag til den vesle jenta.
Ho hadde eigen hammar og eiga sag.

Unntak: Ein del adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn. Det gjeld adjektiv som sluttar på -leg, nasjonalitetsord som sluttar på -sk, og fleirstavingsord som sluttar på -sk:

Kokken laga i stand eit herleg måltid.
I hamna låg det eit norsk skip.
Vi var godt nøgde etter eit eksemplarisk arrangement.

3.2 Gradbøying

Dei fleste adjektiv blir gradbøygde med endingane -are og -ast (svarer til -ere og -(e)st på bokmål):

positiv komparativ superlativ
fin   finare   finast
farleg   farlegare farlegast

Døme:

Fjellklatring er farleg, men fotball er farlegare. Den farlegaste idretten er likevel cheerleading.

Merk at nynorsk har full form i superlativ (farlegast) og ikkje samandraging som bokmål (farligst).

Nokre adjektiv følgjer ikkje det vanlege bøyingsmønsteret:

positiv komparativ superlativ
færre færrast
gammal/gamal eldre eldst
god betre best
lang lengre lengst
liten mindre minst
mange    fleire   flest
mykje meir   mest
nær nær(m)are nær(m)ast
stor større størst
tung tyngre tyngst
ung yngre yngst
vond    verre   verst

Merk òg adjektivet framme, som har uregelrett gradbøying:

positiv komparativ superlativ
framme fremre fremst

Lange adjektiv og adjektiv som endar på -a, -isk og -ete, blir gradbøygde med meir og mest (som i bokmål):              

positiv komparativ superlativ
interessant meir interessant mest interessant
sinna meir sinna mest sinna
eksemplarisk meir eksemplarisk mest eksemplarisk
bulkete meir bulkete mest bulkete             


4. Samsvarsbøying

Vi kallar det samsvarsbøying når adjektiv og partisipp blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet dei står til. 

Bokmål har samsvarsbøying av adjektiv (som åpen), men ikkje full samsvarsbøying av perfektum partisipp (som bundet). Nynorsk har samsvarsbøying av både adjektiv (som open) og perfektum partisipp (som bunden). 

Før du går vidare, kan du ta ein titt på verbforma presens perfektum, som er ein nøkkel til delar av samsvarsbøyinga.

presens perfektum av sterkt verb: har bunde 
presens perfektum av svakt verb: har dømt 

Formene bunde og dømt høyrer her til verbbøyinga, men du finn dei att i skjemaa nedanfor under inkjekjønn. Veit du korleis eit verb skal bøyast etter har, veit du allereie korleis partisippet ser ut i inkjekjønn. 

4.1 Sterke partisipp

Partisipp av sterke verb blir bøygde som adjektiv på -en. Døme med adjektivet open og partisippet bunden av verbet å binde:

Hankjønn: -en Hokjønn: -en Inkjekjønn: -e Fleirtal: -ne
ein open bil

bilen er open
ei open dør

døra er open
eit ope hus

huset er ope
opne vindauge

vindauga er opne
ein bunden hund

hunden er bunden
ei bunden ku

kua er bunden
eit bunde dyr

dyret er bunde
bundne hundar

hundane er bundne

Slik går skriven, funnen, frosengraven og alle andre partisipp av sterke verb. 

For å finne hankjønns- og hokjønnsforma kan du ta utgangspunkt i inkjekjønnsforma på -e og leggje til -n. I fleirtal snur du -en til -ne

Som du ser, har vi samsvarsbøying både føre substantiv (attributiv stilling) og etter hjelpeverba vereverte og bli i alle former (predikativ stilling). Det er kjønnet til substantivet som avgjer bøyinga av partisippet. Det har ingenting å seie kva bøyingsform av hjelpeverba vereverte og bli som er nytta (ervarbleivart osv.). Det gjeld både sterke og svake partisipp.



4.2 Svake partisipp

Svake partisipp får ulike endingar etter kva verbklasse dei høyrer til:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
ein spissa blyant
blyanten er spissa
ei spissa formulering
formuleringa er spissa
eit spissa øyre
øyret er spissa
spissa situasjonar
situasjonane er spissa
ein kjøpt sykkel
sykkelen er kjøpt
ei kjøpt plate
plata er kjøpt
eit kjøpt hus
huset er kjøpt
kjøpte tilhengjarar
tilhengjarane er kjøpte
ein dømd mann
mannen er dømd
ei dømd kvinne
kvinna er dømd
eit dømt framlegg
framlegget er dømt
dømde forbrytarar
forbrytarane er dømde

Verba som har -a i preteritum, treng vi ikkje tenkje meir på; dei har a i alle partisipp. 

Det er litt meir innfløkt med dei andre verba. Men det finst eit knep for å finne alle partisippformene: Ta utgangspunkt i preteritumsforma, altså vanleg fortid. 

preteritum av dei svake verba ovanfor: spissa, kjøpte, dømde 

Tilfeldigvis er preteritumsforma identisk med fleirtalspartisippet. Det heiter såleis:

ho dømde forbrytarane i går (preteritum)
forbrytarane vart dømde (partisipp i fleirtal)

Med andre ord: Veit du kva eit verb heiter i preteritum, veit du òg korleis fleirtalspartisippet ser ut. Hankjønn og hokjønn finn du så ved å trekkje frå fleirtals-e-en. 

Har verbet -de i preteritum (som dømde), finn vi d både i hankjønn, hokjønn og fleirtal. Har verbet -te i preteritum (kjøpte), kjem det ikkje nokon d inn i biletet. 

Kva med inkjekjønn? Her gjeld det same som ved sterke verb: Vi brukar same form som etter har. Det heiter har dømt, dermed heiter det er dømt i inkjekjønn. Det er aldri gale med -t i inkjekjønn/perfektum.
 

Merk:
Etter hjelpeverbet ha bruker vi alltid inkjekjønnsforma av partisippet, same kor mange ting vi snakkar om, og same kva kjønn substantiva i setninga har:

Alle gjestene har levert inn snøbretta.
Alle gjestene hadde kome tidsnok.

Men til dømes: 

Alle snøbretta blei leverte inn om kvelden.
Alle gjestene var komne tidsnok



4.3 Forenkla samsvarsbøying av svake partisipp

Om ein vil, kan ein bruke forenkla samsvarsbøying av svake verb i predikativ stilling. Då får partisippet same form etter hjelpeverba vere, verte og bli som etter ha. Med andre ord får vi inga veksling mellom d og t, og ingen fleirtals-e. 

partisipp eintal og fleirtal: det/han/ho/dei er dømt
jamfør: har dømt 

Vi får altså til dømes forbrytarane er dømt, utan fleirtalsbøying. (Med full samsvarsbøying heiter det at forbrytarane er dømde.)

Vi må likevel ha fleirtalsbøying i attributiv stilling: dømde forbrytarar.

Valfridomen gjeld alle svake verb:

gåvene er gøymt/gøymde
tala vart presentert(e)

og så vidare.

5 Pronomen og determinativ

5.1 Personlege pronomen

eintal    subjektsform objektsform
1. person   eg     meg
2. person  du deg
3. person   han
ho
det
han
henne/ho
det


fleirtal subjektsform objektsform
1. person   vi/me     oss
2. person   de eller dokker dykk eller dokker
3. person   dei dei

Bokmål skil ikkje mellom subjektsform og objektsform i 2. person fleirtal:

Dere (subjekt) kom gående ned bakken da vi så dere (objekt).

Nynorsk skil tradisjonelt mellom subjekts- og objektsform i 2. person fleirtal:

De (subjekt) kom gåande ned bakken då vi såg dykk (objekt).  

Du kan også velje å nytte dokker i 2. person fleirtal. Dette pronomenet er likt i subjekts- og objektsform:

Dokker (subjekt) kom gåande ned bakken då vi såg dokker (objekt).

Merk:
Nynorsk har ikkje det personlege pronomenet den. Når vi viser til eit substantiv, nyttar vi helst han for eit hankjønnsord og ho for eit hokjønnsord, der vi på bokmål nyttar den:

Eg måtte vaske bilen etter fjellturen fordi han hadde blitt så skitten.
Dersom ikkje avisa ligg på den staden ho plar liggje, har hunden teke henne.

Vi nyttar likevel den som demonstrativ på nynorsk:

Den svarte Golfen var rådyr.
Cecilie, ho er ikkje den som mister motet.

Demonstrativet den kan også ha trykk:

Hovudgevinsten i lotteriet var ein sykkel. «Den kunne eg tenkt meg!» sa Anna.

5.2 Eigedomsord (possessiv)

eintal     
1. person   min
2. person   din
3. person   hans, hennar refleksiv: sin


fleirtal
1. person   vår
2. person   dykkar/dokkar
3. person   deira refleksiv: sin

Min, din, sin og vår bøyer vi i kjønn og tal:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
(bilen)
min
(boka)
mi
(huset)
mitt
(vottane)
mine
din di ditt dine
sin si sitt sine
vår vår vårt våre

I samsvar med norsk talemål står eigedomspronomenet til vanleg etter substantivet:

Kvar er jakka mi? Eg finn berre genseren min og vottane dine.
Eg skal lufte hunden hennar medan ho er på ferie, men rottene hennar vil eg ikkje ta i.

Når pronomenet blir uttalt med trykk, kan det stå føre substantivet:

Min son oppfører seg ikkje slik!
Mi meining er like god som di!

5.3 Andre pronomen og determinativ

Båe/begge

Båe må ikkje blandast saman med konjunksjonen både (som i både du og eg).

Båe tyder det same som begge, og du vel sjølv kva du skal bruke:

Begge to vart berga. Båe to vart berga.

Annan og ingen

Demonstrativa annan og ingen blir bøygde slik:

ein annan bil   ei anna avis   eit anna hus   andre bilar
ingen bil   inga avis   ikkje noko (inkje) hus ingen bilar

​Ver varsam med inkje. Det tyder det same som intet på bokmål og har om lag same stilverdi.

Nokon

Demonstrativet nokon har denne bøyinga:

nokon bil  noka avis  noko hus   nokre/nokon bilar, aviser, hus

Tradisjonelt skil ein mellom nokre og nokon i fleirtal. Nokon er reservert for nektande og spørjande setningar. Vi bruker hankjønnsordet bil som døme:

Eg såg nokre bilar.

Såg du nokon bilar? Ja, eg såg nokre i dag, men i går såg eg ikkje nokon.

(Likevel: Kva for nokre bilar såg du? Det er ikkje eit brot med regelen ovanfor; ein spør ikkje om det er nokon.)

Det kan vere nyttig å jamføre med engelsk some og any. Any kan omsetjast med nokon, og some kan omsetjast med nokre:

Did you see any cars? Såg du nokon bilar?
I saw some cars. Eg såg nokre bilar.
I didn’t see any cars. Eg såg ikkje nokon bilar.

Forenkla alternativ

Eit enklare alternativ er å bruke nokon i fleirtal i alle slags setningar:

Eg såg nokon bilar.

Såg du nokon bilar? Ja, eg såg nokon i dag, men i går såg eg ikkje nokon.

Ein kan ikkje bruke nokre over heile fjøla på denne måten. 

Somme

Vi nyttar gjerne ordet somme i tydinga 'nokre', 'enkelte', 'einskilde':

Somme bilar berre går og går.

​Men ein bruker det ikkje så fritt som some på engelsk. Jamfør:

Eg såg nokre bilar i dag. (Ikkje somme)

Sjølv

Det heiter sjølv (med -v) på nynorsk, i fleirtal sjølve eller sjølv:

Vi må sjølv/sjølve ta ansvar for opplegget.

Ein

Det heiter ikkje man på nynorsk, men ein:

Ein må vere nøye med å levere skattemeldinga innan fristen.

Når ein sit lenge framfor skjermen, kan ein få tørre auge. 

6 Frå bokmål til nynorsk

6.1 Omsetjing av substantiv

Ordtilfanget er alle orda i eit språk. Det finst inga grense for kor mange ord eit språk kan ha, og det samla norske ordtilfanget er så stort at det er vanskeleg å seie presist kor stort det er. Dialektane og dei to målformene våre gjev oss mange ord å velje mellom.

Ordtilfanget i nynorsk er ulikt ordtilfanget i bokmål. Det er ikkje noko skarpt skilje mellom dei, for størsteparten av orda er felles for nynorsk og bokmål. Likevel er det visse skilnader, og når vi skal skrive nynorsk, er det vel så viktig å gjere seg kjend med dei nynorske orda som å lære seg den nynorske grammatikken.

Mange har lært at visse ord er «forbodne» på nynorsk, særleg ord med ledda an-, be-, -else og -het. I dag er det opna for nokre slike ord i nynorsk, som angrep, beskjed, nyheit og verkelegheit, ved sida av dei tradisjonelle nynorskorda åtak, melding, nyhende og røyndom.

Mange av substantiva er heilt like på bokmål og nynorsk (mann, hus, bil), eller nesten like (gut, stad, namn). I listene nedanfor finn du i hovudsak tradisjonelle nynorske avløysarar for bokmålsord med ledda an-, be-, hen-, -het og -else, ettersom det særleg er her nynorskorda skil seg frå bokmålsorda.

  • Same hovudord, men utan prefiks og suffiks

Av og til er nynorskordet nær det same som bokmålsordet, berre utan prefiks eller suffiks. Det gjeld særleg substantiv som på bokmål endar på -ighet:

bokmål nynorsk
bestyrer styrar
betydning tyding, betydning
gevinst vinst, gevinst
rettferdighet rettferd
rettighet rett
samvittighet samvit/samvett
sannsynlighet sannsyn
tålmodighet tolmod
vanskelighet vanske

  • Same hovudord, men andre suffiks

Mange substantiv som har endinga -else på bokmål, har endinga -ing på nynorsk:

bokmål nynorsk
forberedelse førebuing
forståelse forståing
grunnleggelse grunnlegging                                                 
hendelse hending                     
stavelse staving           
undersøkelse undersøking  
utsettelse utsetjing

Substantiv som endar på -het på bokmål, endar ofte på -dom, -leik eller -skap på nynorsk:

bokmål nynorsk
frihet fridom
ærlighet ærlegdom
kjærlighet kjærleik
trygghet tryggleik
nærhet nærleik
likhet likskap
helhet heilskap

Av adjektiv som endar på -sam, har vi substantiv med endinga -semd:

adjektiv substantiv  
einsam einsemd (bm. ensomhet)
løn(n)sam løn(n)semd (bm. lønnsomhet)
merksam merksemd (bm. oppmerksomhet)
varsam varsemd (bm. varsomhet)
verksam verksemd (bm. virksomhet)

Av adjektiv som endar på -laus, har vi substantiv med endinga -løyse:

adjektiv substantiv  
arbeidslaus arbeidsløyse (bm. arbeidsløshet)
heimlaus heimløyse (bm. hjemløshet)
meiningslaus meiningsløyse (bm. meningsløshet)
motlaus motløyse (bm. motløshet)
smaklaus smakløyse (bm. smakløshet)

  • Same hovudord, men andre prefiks og suffiks

Av og til har nynorskordet anna prefiks enn bokmålsordet. Endinga kan òg vere ulik:

bokmål nynorsk
befaring synfaring
befrielse frigjering
begrep omgrep
begrunnelse grunngjeving/grunngiving
erkjennelse sannkjenning, erkjenning
forbehold atterhald
gjenkjennelse attkjenning
gjentakelse oppattak, oppattaking, gjentaking
hensyn omsyn
oversettelse omsetjing
henvisning tilvising

  • Nokre vanlege nynorske substantiv

Her er ei liste med nokre vanlege substantiv:

bokmål nynorsk
advarsel åtvaring (f.)
antall talet på
avgjørelse avgjerd (f.)
beskrivelse skildring (f.), beskriving (f.)
bilde bilete/bilde (n.)
bolig bustad (m.)
budskap bodskap (m./n.)
datter dotter (f.)
forutsetning føresetnad (m.)
gave gåve (f.)
hemmelighet løyndom (m.), hemmelegheit (f.)
hensikt føremål, formål (n.)
hjem, heim heim (m.)
hode hovud (n.)
ild eld (m.)
innflytelse innverknad (m.), makt (f.)
klær klede (n.)
leilighet husvære (n.), leilegheit (f.)
navn namn (n.)
oppgave oppgåve (f.)
opplevelse oppleving (f.)
personlighet personlegdom (m.)
sannhet sanning (f.)
selvfølgelighet sjølvfølgje (f.), ein sjølvsagd ting
sted stad (m.)
stillhet stille (f.), stillheit (f.)
størrelse storleik (m.)
sønn son (m.)
søster syster/søster (f.)
tall tal (n.)
unnskyldning orsaking (f.), unnskyldning (f.)
utseende utsjånad (m.)
valg val (n.)
verden verd (f.) (ei verd − verda)
vindu vindauge/ vindauga (n.)
virkelighet røyndom (m.), røynd (f.), verkelegheit (f.)

6.2 Omsetjing av verb

Substantiv med ledda an-, be-, er-, gjen-, hen- høyrer ofte saman med eit verb med same prefiks, som til dømes angripe – angrep, begynne – begynnelse. Nedanfor finn du ei liste med tradisjonelle nynorske avløysarar for verb med slike prefiks. Merk at mange av dei nynorske verba er laust samansette. Det vil seie at dei ikkje er skrivne i eitt ord, men i to eller fleire ord:

bokmål nynorsk
angå gjelde, angå
anta godta, godkjenne; meine, tru, rekne med, vente
antyde ymte om, gje eit vink om
anvende bruke, nytte
avspeile/gjenspeile spegle (av)
begrense grense av, avgrensa
begrunne grunngje, gje grunnar for
begynne byrje, ta til (med), opne med, begynne
beholde ha, få ha, halde på, behalde
belyse kaste lys over, gjere klår(are)
beskrive skildre, teikne, skrive om
beskylde skulde for
besvare svare på, løyse (t.d. ei oppgåve)
bety tyde, ha å seie, innebere, føre til, bety
bevege røre, setje i rørsle
erfare røyne, få vite, oppleve, erfare
erkjenne sannkjenne, vedgå, tilstå
ernære nære, fø, livberge seg
foregå gå føre seg, hende, stå på, vere i gang
foreligge liggje føre, finnast
forestille syne, vise, førestille
foreta gjere, setje i verk
fortsette halde fram, halde på, fortsetje
forvente vente, rekne med, forvente
fremstå stå fram, vise seg
gjenskape skape på nytt, skape om att
gjenstå stå att, vante, mangle, vere borte
gjenta ta opp att, seie om att, gjenta
gjenvinne vinne att, få att, bruke på nytt
henvende vende seg til, rette spørsmål/utsegn til, tale til
henvise vise til
meddele melde (frå), fortelje, gjere kjent
medføre føre til, føre med (seg)
motsi seie imot
overbevise overtyde
oversette setje om, omsetje
påvirke verke inn på, ha innverknad på, påverke
skyldes kome av, skrive seg frå
tilføye føye til, leggje til
utelukke stengje ute frå, sjå bort frå
vektlegge leggje vekt på

Her er ei liste med nokre vanlege verb du bør kunne:

bokmål nynorsk
bære bere
gi gje/gjeva el. gi
gjøre gjere
hilse helse
holde halde
huske hugse
lede leie
leie leige
se sjå
si seie
skjære skjere
spille spele
tegne teikne
velge velje
virke verke
vokse vekse
være vere
øke auke

6.3 Nynorske spørjeord

bokmål nynorsk
hva kva
hvem kven
hvor (om stad) kvar el. kor (Døme: Kvar/kor bur du?)
hvor (om grad) kor (Døme: Kor gammal er du?)
hvordan korleis
hvorfor kvifor el. korfor
hvilken kva, kva for ein, kva slag(s), kven av

6.4 Omsetjing av preposisjonar

bokmål nynorsk
foran framfor, føre
fra frå
nedenfor nedanfor
ovenfor ovanfor
overfor andsynes, imot, overfor
uten utan

6.5 Omsetjing av adverb

bokmål nynorsk
allerede allereie, alt
annerledes annleis
bare berre
ellers elles
enda endå/enda
ennå enno/ennå
fortsatt/fremdeles framleis, enno
kun berre
meget mykje, svært
sammen saman

6.6 Omsetjing av adjektiv

bokmål nynorsk
fornøyd nøgd, fornøgd
forrige førre
gal galen
gammel gamal/ gammal
grønn grøn
hel el. heil heil
hensiktsmessig føremålstenleg
høy/høg høg
innerst inst
jevn el. jamn jamn
lav/låg låg
mye mykje
nederst nedst
nødt (til) nøydd (til)
rød raud
selvfølgelig sjølvsagt
sen/sein sein
trett el. trøtt trøytt
ytterst ytst
øverst øvst
åpen open

6.7 Omsetjing av pronomen og determinativ

bokmål nynorsk
de (3. pers. fl.) dei
dere de (subjektsform) – dykk (objektsform) el. dokker – dokker
deres (2. pers. fl.) dykkar el. dokkar
deres (3. pers. fl.) deira
disse desse
hennes hennar
hun – henne ho – ho el. henne
hver kvar
man el. en ein
noe(n) noko(n)
samme same
selv/sjøl sjølv (fleirtal: sjølve eller sjølv)

6.8 Dagar og årstider

bokmål nynorsk
mandag måndag
tirsdag tysdag
onsdag onsdag
torsdag torsdag
fredag fredag
lørdag laurdag
søndag sundag/søndag
uke veke
morgen morgon
måned månad
høst haust
sommer sommar/sumar

6.9 Småord og seiemåtar

bokmål nynorsk
enten anten el. enten
betydning vere viktig, ha mykje å seie
tyding (av eit ord)
fikk stor betydning fekk mykje å seie
for øvrig elles, forresten
hvis el. viss om, dersom, viss
i hvert fall i alle fall
etter hvert etter kvart
mens medan/mens
overhodet i det heile
samt og

6.10 Genitiv

S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål.

  • Når kan vi bruke s-genitiv på nynorsk?

  1. Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
    Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel
     
  2. Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv:
    lang dags ferd mot natt, i manns minne, på kvinners vis
     
  3. I uttrykk for tid og mål:
    eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid


I namn på offentlege institusjonar er s-genitiven komen i bruk ved hankjønns- og inkjekjønnsord i bunden form eintal:

Statens forureiningstilsyn
Statsministerens kontor
Forsvarets overkommando
Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • I staden for s-genitiv: skriv om!

Vi bruker ikkje så ofte genitiv når vi snakkar. I staden for å tenkje kva du ville ha skrive (på bokmål), kan det vere lurt å tenkje på kva du ville ha sagt.

Då er det ofte vanleg å skrive om ved hjelp av

  • preposisjonar
  • samansette ord
  • sin, si, sitt, sine
  • leddsetningar

a) Omskriving med preposisjonar

bokmål nynorsk
bygdas folk folket i bygda
rådmannens innstilling innstillinga frå rådmannen (betre enn innstillinga til rådmannen, som kan mistydast)
kommunens vedtak vedtaket i/til kommunen
barnehagens størrelse storleiken på/til barnehagen
ungdommenes alder alderen på ungdommane
skolens nettside nettsida til skulen/skolen
Spanias hovedstad hovudstaden i Spania

b) Omskriving med samansette ord

bokmål nynorsk
bygdas folk bygdefolket
Stortingets vedtak stortingsvedtaket
FNs erklæring om menneskerettighetene  FN-fråsegna om menneskerettane
skolens bibliotek skulebiblioteket

c) Omskriving med sin, si, sitt og sine

Der det er tale om eigedomstilhøve, kan ein i prinsippet bruke omskriving med sin, si, sitt og sine. Konstruksjonar med sin er særleg utbreidd i talemålet langs kysten, men er også vanlege i skriftspråket:

bokmål
bondens traktor bonden sin traktor
naboens hytte naboen si hytte
Elis hus Eli sitt hus
Øysteins sykkel Øystein sin sykkel
ordførerens forslag ordføraren sitt framlegg
skolens penger skulen sine pengar

Oftast vil ei formulering med preposisjon likevel vere best, til dømes «hytta til naboen», «framlegget frå ordføraren» osb.

I samanhengar der eigedomstilhøvet ikkje er like tydeleg, bør du i alle fall vurdere andre løysingar:

bokmål nynorsk
russestyrets leder leiaren for/i russestyret
bygningenes vaskeareal vaskearealet i bygningane

d) Omskriving med leddsetning

bokmål nynorsk
Utvalgets oppgave består i å Oppgåva (som) utvalet har fått, går ut på å / Utvalet har fått i oppgåve å
en skisse som viser etatens oppbygning ei skisse som viser korleis etaten er oppbygd
Det er gitt ulike signaler om kontorets framtidige plassering Det er gjeve ulike signal om kvar kontoret skal plasserast/vere/liggje

De diskuterte … Dei diskuterte …
… beløpets størrelse … kor stort beløpet er / var / skulle vere
... etatens oppbygning … korleis etaten er oppbygd
… kontorets framtidige plassering … kvar kontoret skal plasserast/vere/liggje
… bilens tilstand … den tilstanden bilen var i