Minigrammatikk

Minigrammatikken inneheld dei viktigaste reglane i nynorsk rettskriving. Grammatikken er utarbeidd i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012.

Ordforklaringane er forklaringar til ord og omgrep i minigrammatikken.
Vis alle

1 Substantiv

1.1 Hovudreglane for substantivbøying

På nynorsk har substantiv tre kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Hankjønnsord har ubunden artikkel ein, hokjønnsord ei, inkjekjønnsord eit.

Hankjønn, hokjønn og inkjekjønn har kvart sitt bøyingsmønster, og dette bøyingsmønsteret gjeld for dei aller fleste substantiva.

  • Hankjønnsord får endinga -en i eintal og -ar og -ane i fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein gut guten gutar gutane
ein hage hagen hagar hagane
ein lærar læraren lærarar lærarane
  • Hokjønnsord får endinga -a i eintal og -er og -ene i fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei sak saka saker sakene
ei jente jenta jenter jentene
ei liste lista lister listene
  • Inkjekjønnsord får endinga -et i eintal, inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal:
ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
eit hovud hovudet hovud hovuda
eit hus huset hus husa
eit stykke stykket stykke stykka

1.2 Hankjønn

Hovudregelen er at hankjønnsord får endinga -en i eintal og -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde eintal bunde eintal
ein båt båten båtar båtane
ein politikar politikaren politikarar politikarane
ein hane hanen hanar hanane

1.2.1 Hankjønnsord med vokalskifte

Nokre hankjønnsord får vokalskifte i fleirtal. Desse orda skal ha -(e)r og -(e)ne i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein bror broren brør brørne
ein son sonen søner sønene
ein fot foten føter føtene
ein nagl naglen negler neglene
ein bonde bonden bønder bøndene

1.2.2 Hankjønnsord med uregelrett bøying

Nokre få hankjønnsord har heilt uregelrett bøying. Det vil seie at bøyinga ikkje følgjer eit bestemt mønster. Her må ein rett og slett berre lære seg dei ulike formene:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein far faren fedrar fedrane
ein mann mannen menn mennene
ein ting tingen ting tinga
ein sko skoen skor eller sko skorne eller skoa
ein feil feilen feil feila

1.2.3 Hankjønnsord som endar på -nad og -a

Når det gjeld hankjønnsord som endar på -nad og -a, kan du velje om du vil bøye orda med -er og -ene eller -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein stønad stønaden stønader eller stønadar stønadene eller stønadane
ein søknad søknaden søknader eller søknadar søknadene eller søknadane
ein sofa sofaen sofaer eller sofaar sofaene eller sofaane
ein kollega kollegaen kollegaer eller kollegaar kollegaene eller kollegaane

1.2.4 Hankjønnsord med valfri bøying

Ei gruppe hankjønnsord har valfri fleirtalsbøying, dvs. at du kan velje om du vil bøye orda med -er og -ene eller -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ein stad staden stader eller stadar stadene eller stadane
ein gong gongen gonger eller gongar gongene eller gongane

1.3 Hokjønn

Hovudregelen er at hokjønnsord får endinga -a i eintal og -er og -ene i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei seng senga senger sengene
ei avis avisa aviser  avisene
ei gruppe gruppa grupper gruppene

1.3.1 Hokjønnsord som endar på -ing

Hokjønnsord som endar på -ing, får alltid endingane -ar og -ane i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei melding meldinga meldingar meldingane
ei opning opninga opningar opningane
ei dronning dronninga dronningar dronningane
ei setning setninga setningar setningane

1.3.2 Hokjønnsord med valfri bøying

Ei gruppe hokjønnsord har valfri fleirtalsbøying, dvs. at du kan velje om du vil bøye orda med -ar og -ane eller -er og -ene i fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei elv elva elvar eller elver elvane eller elvene
ei øy øya øyar eller øyer øyane eller øyene
ei helg helga helgar eller helger helgane eller helgene

Til denne gruppa høyrer òg mellom anna hei, kleiv, kvern, lever, merr, myr, møy, never, reim, røys, seter, sild, vik, øks, ør/øyr og ørn.

1.3.3 Hokjønnsord du bør merke deg

Det er tre hokjønnsord det er lett å bøye feil i ubunden form fleirtal, og det er orda dottermor og syster. Merk deg at endinga alltid blir -er i ubunden form fleirtal for desse orda:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
ei dotter dottera døtrer døtrene
ei mor mora mødrer mødrene
ei syster systera systrer systrene

1.4 Inkjekjønn

Alle inkjekjønnsord har endinga -et i bunden form eintal, inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal:

ubunde eintal bunde eintal ubunde fleirtal bunde fleirtal
eit hus huset hus husa
eit eple eplet eple epla
eit dokument dokumentet dokument dokumenta
eit område området område områda

Mange gjer feil i ubunden form fleirtal og legg til -r eller -er.  

Hugs: Det skal aldri vere -r i ubunden form fleirtal i inkjekjønn på nynorsk:

Mange område er i dag øydelagde.
Eg skal vise deg fleire eksempel.
Vi har vore på mange lange møte.

2 Verb

I nynorsk kan du velje om du vil bruke infinitivsendinga -a eller -e. Både å lesa og å lese er rett å skrive, og på same vis å kaste og å kasta. I denne minigrammatikken brukar vi infinitiv på -e. Same kva du vel, er det viktig å vere konsekvent i ein og same tekst. Skriv du å lese, kan du ikkje i neste setning skrive å kasta, eller motsett. Desse to formene går under namna a-infinitiv og e-infinitiv, og må ikkje forvekslast med a-verb og e-verb, som er noko heilt anna.

2.1 Svake verb

2.1.1 a-verb

Dei fleste nynorske verba er a-verb. Dei har endinga -ar i presens og -a i preteritum og perfektum partisipp:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å kaste kastar kasta har kasta
å sykle syklar sykla har sykla

2.1.2 e-verb

E-verb har endinga -er i presens. I preteritum får dei endinga -te eller -de:

  • e-verb med -te i preteritum
E-verb med stamme som endar på f, l, s, k, p, t eller r (hugseregel: konsonantane i FLASKEPOSTAR) får endinga -te i preteritum og -t perfektum partisipp:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å kjøpe kjøper kjøpte har kjøpt
å lære lærer lærte har lært
å hjelpe hjelper hjelpte har hjelpt
å tenkje eller tenke tenkjer eller tenker tenkte har tenkt
å treffe treffer trefte har treft
å reise reiser reiste har reist

  • Alle verb som har endinga -ere i infintiv, er e-verb
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å studere studerer studerte har studert
å notere noterer noterte har notert
å diskutere diskuterer diskuterte har diskutert

  • e-verb med -de i preteritum
E-verb der stammen endar på vokal eller d, g eller v (hugseregel: konsonantane i V-DAG), får endinga -de i preteritum (-dde når stammen endar på vokal):

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å byggje eller bygge byggjer eller bygger bygde har bygd/bygt
å sende sender sende har sendt
å leve lever levde har levd/levt
å arbeide arbeider arbeidde har arbeidd/arbeidt
å greie greier greidde har greidd/greitt
å leige leiger leigde har leigd/leigt

Dersom du følgjer språkkjensla, vil du som regel velje rett preteritumsform.

  • Verb med valfritt -de og -te i preteritum
E-verb med stamme som endar på m(m) og enn, har -de eller -te i preteritum og -t perfektum partitisipp:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å kjenne kjenner kjende/kjente har kjent
å skremme skremmer skremde/skremte har skremt

  • Fire verb å merke seg
Merk deg likevel desse fire vanlege verba. Dei skal alltid ha -de i preteritum og -t i perfektum partistipp:

infinitiv presens preteritum perfektum partisipp
å høyre høyrer høyrde har høyrt
å køyre køyrer køyrde har køyrt
å gløyme gløymer gløymde har gløymt
å gøyme gøymer gøymde har gøymt

  • Valfri bøyingsending
Verb som endar på -de i preteritum og -d i perfektum partisipp på bokmål, kan ha -d eller -t i perfektum partisipp på nynorsk:

bokmål nynorsk
bygde – har bygd bygde – har bygd/bygt
levde – har levd levde – har levd/levt

2.1.3 j-verb  

J-verb har -je i infinitiv og inga ending i presens slik som dei sterke verba. Dei har som hovudregel vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp.

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å telje tel talde har talt
å fortelje fortel fortalde har fortalt
å selje sel selde har selt
å spørje spør spurde har spurt
å smørje smør smurde har smurt
å setje/sette set sette har sett
å symje sym sumde har sumt
å velje vel valde har valt
å venje ven vande har vant
å krevje krev kravde har kravd/kravt

Døme:

Eg sel berre kvalitetsvarer.     
Læraren spør om vanskelege ting.

2.1.4 Kortverb

Kortverb (òg kalla nå-verb) er verb som berre har éi staving i infinitiv, og som endar på rotvokalen. Dei har endringa -r i presens, -dde i preteritum og -dd eller -tt i perfektum partisipp:  

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å nå r dde har nådd/nått
å bu bur budde har budd/butt
å tru trur trudde har trudd/trutt

Døme:

Bur du i USA? Ja, der har eg budd/butt lenge.

2.1.5 Uregelrette svake verb

Ei lita gruppe uregelrette svake verb blir bøygde annleis enn både a-verb, e-verb og kortverb. Det dreier seg om nokre få, men mykje brukte verb, så du bør lære deg bøyingsmønsteret for desse verba:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å gjere gjer gjorde har gjort
å eige eig åtte eller eigde har ått eller eigd/eigt
å vite veit visste har visst
å seie seier sa har sagt
å leggje/legge legg la har lagt
å kunne kan kunne har kunna
å skulle skal skulle har skulla
å vilje vil ville har vilja

2.2 Sterke verb

Sterke verb har ikkje ending i presens og preteritum. Det skil dei frå svake verb. Dei fleste sterke verba har vokalskifte. Bortimot alle sterke verb har vokalskifte i preteritum og perfektum partisipp. Mange har vokalskifte òg i presens. I tabellane nedanfor har vi markert vokalane i infinitiv, preteritum og perfektum partisipp:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å fare fer fór har fare
å bite bit beit har bite

For å gjere det meir oversiktleg deler ein gjerne dei sterke verba inn i ulike klassar. Den vanlegaste inndelinga har sju klassar av sterke verb etter korleis vokalane skiftar i bøyinga. I nokre av klassane har alle verba same type vokalskifte, medan språkutviklinga har gjort at ein ikkje lenger enkelt kan sjå fellestrekka mellom verba i andre klassar.

Mange av dei vanlegaste sterke verba står på lista nedanfor. Du treng ikkje pugge kvart enkelt verb, for du vil alltid finne bøyingsmønsteret til eit sterkt verb om du slår opp i ordboka.

  • Sterke verb, klasse 1 – vokalskifte i - ei - i
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å bite bit beit har bite
å drive driv dreiv har drive
å gripe grip greip har gripe
å skine skin skein har skine
å skrike skrik skreik har skrike 
å skrive skriv skreiv har skrive
å slite slit sleit har slite
å svike svik sveik har svike

  • Sterke verb, klasse 2 – vokalskifte y - au - o
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å bryte bryt braut har brote
å by/byde byr/byd baud/bydde har bode/bydd/bydt
å fryse frys fraus har frose
å krype kryp kraup har krope
å lyge lyg laug har loge
å nyte nyt naut har note
å ryke ryk rauk har roke
å skyte skyt skaut har skote

  • Sterke verb, klasse 3 – ulike vokalskifte
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å brenne brenn brann har brunne
å drikke drikk drakk har drukke
å finne finn fann har funne
å rekke rekk rakk har rokke
å springe spring sprang har sprunge
å syngje/synge syng song har sunge
å søkke søkk sokk har sokke
å vinne vinn vann har vunne

  • Sterke verb, klasse 4 – vokalskifte e - a - o (med visse unntak)
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å bere ber bar har bore
å kome eller komme kjem kom har kome eller komme
å rekke rekk rakk har rokke
å skjere skjer skar har skore
å sleppe slepp slapp har sloppe
å stele stel stal har stole
å strekke strekk strakk har strokke
å vere er var har vore
å verte vert vart har vorte

  • Sterke verb, klasse 5 – vokalskifte e - a - e (med visse unntak)
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å be/bede bed/ber bad har bede/bedd/bedt
å drepe drep drap har drepe
å ete et åt har ete
å gje/gjeve eller gi gjev eller gir gav har gjeve eller gitt
å lese les las har lese
å reke rek rak har reke

  • Sterke verb, klasse 6 – ulike vokalskifte, men med trong o i preteritum
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å fare fer fór har fare
å le ler lo har ledd/lett
å slå slår slo har slege/slått
å stå står stod har stått
å ta/take tek/tar tok har teke/tatt
å vege veg vog har vege
å vekse veks voks/vaks har vakse

  • Sterke verb, klasse 7 – ulike vokalskifte
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å blåse blæs eller blåser bles eller blåste har blåse eller blåst
å få får fekk har fått
å gråte græt gret har gråte
å gå går gjekk har gått
å halde held heldt har halde
å låte læt lét har låte
å la/late lèt lét har late/latt
å tillate tillèt tillét har tillate/tillatt

2.3 Parverb

Både i bokmål og i nynorsk har ein parverb. Parverb er verb som liknar kvarandre, men som har ulik bøying og tyding. Ein har eitt verb med svak bøying, som tek direkte objekt, og eitt verb med sterk bøying, som ikkje tek direkte objekt. Nokre av parverba har infinitivsformer som er like (brenne og brenne), medan andre parverb har ulike former i infinitiv (liggje/ligge og leggje/legge).

Det svake verbet tek direkte objekt:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å hengje eller henge hengjer eller henger hengde har hengt
å brenne brenner brende/brente har brent

Døme:

Huseigaren brende avfall i hagen. 
subjekt: huseigaren, direkte objekt: avfall
Eg hengde jakka i skåpet.
subjekt: eg, direkte objekt: jakka

Det sterke verbet tek ikkje direkte objekt:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
henge heng hang/hekk har hange
brenne brenn brann har brunne

Døme:

Avfallet ulma og brann i hagen.
subjekt: avfallet
Jakka hang i skåpet.
subjekt: jakka

Andre parverb:

Tek direkte objekt, svak bøying:
søkkje/søkke, leggje/legge, setje/sette, strekkje/strekke, sleppe

Tek ikkje direkte objekt, sterk bøying:
søkke, liggje/ligge, sitje/sitte, strekke, sleppe

Døme:

Han hengde jakka på ein knagg.
Jakka hang på ein knagg
Ane la Sofies verden på bordet i går.
Boka låg der framleis i dag.
Sette du sykkelen i garasjen?
Nei, for Morten sat på han.
Ho strekte seg langt.
Men evnene strakk ikkje til.
Dei søkkte båten.
Båten sokk på fem minutt.

2.4 Å bli og å verte

Du kan velje om du vil bruke å bli eller å verte. Dei to verba tyder det same.

I nynorskordbøkene finn vi desse bøyingane:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å bli blir blei har blitt
å bli blir vart har vorte
å bli blir vart har blitt
å verte vert vart har vorte

2.5 Aktiv og passiv

Vi kan uttrykkje ei handling med aktiv eller passiv seiemåte. Medan aktivkonstruksjonar klargjer kven som handlar (Einar sløkkjer lyset når han går frå kontoret), brukar vi passiv dersom vi ikkje veit kven som handlar, eller dersom det er uviktig kven som handlar (Lyset skal sløkkjast når ein går frå kontoret).

aktiv: Eg selde boka. Eg skal selje boka.
passiv:Boka blei/vart seld. Boka skal seljast.

På nynorsk bruker vi hjelpeverb til å uttrykkje passiv. Det finst to måtar å uttrykkje passiv på:

1 Anten brukar du ei form av bli/verte:

Alle søknader blir/vert behandla konfidensielt.
Ingen blir/vert kontakta før etter nærare avtale.

2 Eller du legg endinga -ast til stammen av verbet som følgjer etter dei modale hjelpeverba skal/skulle, vil/ville, kan/kunne, /måtte og bør/burde:

Skatten skal betalast på forskot.
Alle CV-ane må leverast inn før fristen.
Ingen kan straffast for uhellet.

På bokmål kan ein uttrykkje passiv også utan hjelpeverb:

Skatten betales på forskudd.
Alle søknader behandles konfidensielt.

Denne konstruksjonen høyrer ikkje heime i nynorsk.

Sjølv om passiv i nynorsk er fullt mogleg, som vist ovanfor, bør du tenkje på at uttrykksmåten ofte vil bli like god eller betre om du nyttar aktiv og dermed klargjer kven som handlar:

Vi vil behandle alle søknader konfidensielt.
Vi vil ta kontakt først etter nærare avtale.

2.6 st-verb

Nokre svært vanlege verb har endinga -st i alle former. Dette er verb som har aktiv tyding, og dei må ikkje forvekslast med passivformene av verba (Søknaden må sendast). Medan st-passiv hovudsakleg blir brukt i infinitiv og presens, kan mange aktive st-verb brukast i preteritum, og nokre også i perfektum.

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å finnast finst fanst har funnest
å synast synest syntest har synst

Hugs at dei fleste verba har e i endinga i presens (synest):

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å syna| –
            |st
syne|r
         |st   
– synte|
             |st
– syn|
          |st

Regel: Legg st til bøyingsformene:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å finna| – 
             |st  
fin|n –
     |st
fan|n –
       |st  
har funne|
                  |st

Her ser du tydeleg at ei form som «finnest» vil bli feil, sidan det ikkje heiter «finner» i presens.

Merk at endinga i infinitiv for st-verb er -ast same om du vel -e eller -a i infinitiv av andre verb. Altså: Vel du forma å finne i infinitiv, heiter st-verbet likevel å finnast (ikkje «finnest»).

Her er ei liste over resten av dei vanlegaste verba av denne typen. Perfektumsformene er lite brukte og kan kjennast framande. Dersom du følgjer framgangsmåten over, vil du likevel lett finne perfektum partisipp av eit st-verb dersom du får bruk for forma:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å høyrast høyrest høyrdest (har høyrst)
å kallast kallast kallast (har kallast)
å kjennast kjennest kjendest/kjentest (har kjenst)
å krevjast krevst kravdest (har kravst)
å minnast minnest mintest (har minst)
å møtast møtest møttest har møtst
å sjåast sest sågst (har sest)
å skiljast skilst skildest (har skilst)
å skjemmast skjemmest skjemdest/skjemtest (har skjemst)
å slåst slåst slost har slåst
å snakkast snakkast snakkast har snakkast
å spørjast spørst spurdest (har spurst)
å trengast trengst trongst (har trungest)
å treffast treffest treftest (har trefst)
å trivast trivst treivst (har trivest)

2.7 Kortversjon av verbbøyinga

1) Svake verb

  • a-verb (kaste-klassa)
Desse verba har -ar i presens og -a i preteritum:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å kaste kastar kasta har kasta
å sykle syklar sykla har sykla

  • e-verb (dømme-klassa)
I denne gruppa går vokalen e att i presens (-er) og preteritum (-te, -de):

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å lyse lyser lyste har lyst
å prøve prøver prøvde har prøvd/prøvt

  • j-verb (telje-klassa)
Verb i denne gruppa har -je i infinitiv og inga ending i presens slik som dei sterke verba:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å telje tel talde har talt
å selje sel selde har selt
å spørje spør spurde har spurt

  • Kortverb (nå-klassa)
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å nå når nådde har nådd/nått
å bu bur budde har budd/butt
å tru trur trudde har trudd/trutt

  • Uregelrette svake verb
infinitiv presens preteritum presens perfektum
å gjere gjer gjorde har gjort
å eige eig åtte eller eigde har ått eller eigd/eigt
å vite veit visste har visst
å seie seier sa har sagt

2) Sterke verb

Sterke verb har ikkje ending i presens og preteritum. Det skil dei frå svake verb. Dei fleste har vokalskifte:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å fare fer fór har fare
å bite bit beit har bite

3) st-verb

Nokre svært vanlege verb har endinga -st i alle former:

infinitiv presens preteritum presens perfektum
å finnast finst fanst har funnest
å synast synest syntest har synst

3 Adjektiv

Eit adjektiv står som regel til eit substantiv og fortel om eigenskapar ved substantivet. Adjektivet kan stå føre substantivet (attributiv stilling), eller etter (predikativ stilling):

Eg har ein raud bil. Vi har raude bilar (attributiv stilling)
Bilen min er raud. Bilane våre er raude. (predikativ stilling)

3.1 Samsvarsbøying av adjektiv

Adjektiv blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet det står til. Dei fleste adjektiv får inga ending i hankjønn og hokjønn, -t i inkjekjønn eintal og -e i fleirtal:

hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
ein fin dag / ei fin helg eit fint hus    fine klede
den fine dagen / den fine helga det fine huset dei fine kleda

Døme:

Vi såg eit fint hus og ein fin sykkel.
Eg henta ei gammal bøtte og eit gammalt vaskebrett.

  • Adjektiv som endar på -en, blir bøygde slik:
hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
ein open butikk / ei open dør     eit ope/opent vindauge    opne butikkar
den opne butikken / den opne døra det opne vindauget dei opne butikkane

Døme:   

Butikken er nok open, for dørene er opne.
Han er ein vaken gut med eit vake/vakent blikk.

  • Adjektiv som endar på diftong (som grei, brei, flau og lei) får endinga -tt i inkjekjønn:
hankjønn/hokjønn   inkjekjønn   fleirtal
grei greitt   greie

Døme:

Ein brei veg bør ha eit breitt fortau.

  • To vanlege adjektiv, liten og eigen, har ei særskild form i hokjønn:
hankjønn hokjønn   inkjekjønn fleirtal
min eigen penn  mi eiga dokke    mitt eige hus    mine eigne ting
ein liten gut ei lita jente  eit lite barn  små/småe born
den vesle guten den vesle jenta det vesle barnet dei små/småe borna

Døme:

Vi kjøpte ein liten hammar og ei lita sag til den vesle jenta.
Ho hadde eigen hammar og eiga sag.

Unntak: Ein del adjektiv får ikkje -t i inkjekjønn. Det gjeld adjektiv som sluttar på -leg, nasjonalitetsord som sluttar på -sk, og fleirstavingsord som sluttar på -sk:

Kokken laga i stand eit herleg måltid.
I hamna låg det eit norsk skip.
Vi var godt nøgde etter eit eksemplarisk arrangement.

3.2 Gradbøying

Dei fleste adjektiv blir gradbøygde med endingane -are og -ast (svarer til -ere og -(e)st på bokmål):

positiv komparativ superlativ
fin   finare   finast
farleg   farlegare farlegast

Døme:

Fjellklatring er farleg, men fotball er farlegare. Den farlegaste idretten er likevel cheerleading.

Merk at nynorsk har full form i superlativ (farlegast) og ikkje samandraging som bokmål (farligst).

Nokre adjektiv følgjer ikkje det vanlege bøyingsmønsteret:

positiv komparativ superlativ
færre færrast
gammal/gamal eldre eldst
god betre best
lang lengre lengst
liten mindre minst
mange    fleire   flest
mykje meir   mest
nær nær(m)are nær(m)ast
stor større størst
tung tyngre tyngst
ung yngre yngst
vond    verre   verst

Merk òg adjektivet framme, som har uregelrett gradbøying:

positiv komparativ superlativ
framme fremre fremst

Lange adjektiv og adjektiv som endar på -a, -isk og -ete, blir gradbøygde med meir og mest (som i bokmål):              

positiv komparativ superlativ
interessant meir interessant mest interessant
sinna meir sinna mest sinna
eksemplarisk meir eksemplarisk mest eksemplarisk
bulkete meir bulkete mest bulkete             

4. Samsvarsbøying

Eit adjektiv står til eit substantiv. Perfektum partisipp er ei adjektivisk form av verbet. Det tyder at partisippet oppfører seg på same måte som eit adjektiv i setninga.

Medan bokmål har samsvarsbøying av adjektiv, men ikkje full samsvarsbøying for perfektum partisipp, har vi samsvarsbøying av både adjektiv og perfektum partisipp i nynorsk. 

Perfektum partisipp er den forma av verbet vi finn etter harpresens perfektum. Perfektum partisipp av sterke verb endar på -e:

perfektum:                 har skrive
perfektum partisipp: skrive

Vi kallar det samsvarsbøying når adjektiv og partisipp blir bøygde i kjønn og tal i samsvar med substantivet det står til:

  hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
Adjektiv: ein open butikk ei open dør  eit ope/opent vindauge opne auge
Partisipp: ein skriven roman ei skriven bok eit skrive brev skrivne notat

Døme:

Romanen er skriven av Hamsun.
Boka er skriven av ein debutant.
Brevet er skrive av ein elev.
Notata er skrivne av ein advokat.

I full samsvarsbøying blir alle partisipp, både av sterke og svake verb, bøygde i kjønn og tal etter substantivet dei står til.

Partisippa blir bøygde som adjektiv når dei står rett føre substantivet i ei setning (i attributiv stilling), og når dei står etter hjelpeverba vere, verte og bli (i predikativ stilling).

4.1 Sterke partisipp

Døme med adjektivet open og partisippa bunde og skrive:

hankjønn
-en
hokjønn
-en
inkjekjønn
-e
fleirtal
-ne
ein open bil
bilen er open
ei open dør
døra er open
eit ope hus
huset er ope
opne vindauge
vindauga er opne
ein bunden hund
hunden er bunden
ei bunden ku
kua er bunden
eit bunde dyr
dyret er bunde
bundne hundar
hundane er bundne
ein skriven roman
romanen blei skriven
ei skriven bok
boka blei skriven
eit skrive brev
brevet blei skrive
skrivne notat
notata blei skrivne

4.2 Svake partisipp

Svake partisipp får ulik samsvarsbøying etter kva verbklasse dei høyrer til:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
ein spissa blyant ei spissa formulering eit spissa øyre spissa situasjonar
ein kjøpt CD ei kjøpt plate eit kjøpt hus kjøpte tilhengjarar
ein dømd mann ei dømd kvinne eit dømt framlegg dømde forbrytarar
ein tald pengesum ei tald gruppe eit talt beløp talde kroner

Merk:
Ver merksam på at det er samsvarsbøying av partisippet berre etter vere, verte og bli. Etter hjelpeverbet ha har vi alltid inkjekjønnsforma av partisippet:

            Alle gjestene hadde levert inn snøbretta.
Men:   Alle snøbretta blei leverte inn om kvelden.
            Alle gjestene hadde kome tidsnok.
Men:   Alle gjestene var komne tidsnok

4.3 Forenkla samsvarsbøying av svake partisipp

Svake partisipp kan få ei forenkla samsvarsbøying i predikativ stilling. Då får partisippet same form etter hjelpeverba vere, verte og bli som etter ha:

Han har gøymt pakken. Pakken er gøymt. Ho har presentert medlemmene.
Vi har gøymt rotet. Rotet er gøymt.
Ho har gøymt dagbøkene. Dagbøkene er gøymt.
Direktøren har presentert den nye strategien. Strategien er presentert.
Han har presentert dokumentet. Dokumentet er presentert.
 Medlemmene er presentert.

Sterke perfektum partisipp (partisipp som endar på -e) har likevel obligatorisk samsvarsbøying i predikativ stilling:

Fisken er frosen.
Vatnet er frose.
Bollane er frosne.

Når eit partisipp står rett føre substantivet (i attributiv stilling), skal både sterke og svake partisipp samsvarsbøyast:

Han fann ein løynd bodskap i boka.
Oppringinga kom frå eit løynt telefonnummer.
Boka var full av løynde bodskapar.
Vi kjøpte ein frosen loff.
Vi kjøpte eit frose brød.
Frysaren er full av frosne bollar.

5 Pronomen og determinativ

5.1 Personlege pronomen

eintal    subjektsform objektsform
1. person   eg     meg
2. person  du deg
3. person   han
ho
det
han
henne/ho
det


fleirtal subjektsform objektsform
1. person   vi/me     oss
2. person   de eller dokker dykk eller dokker
3. person   dei dei

Bokmål skil ikkje mellom subjektsform og objektsform i 2. person fleirtal:

Dere (subjekt) kom gående ned bakken da vi så dere (objekt).

Nynorsk skil tradisjonelt mellom subjekts- og objektsform i 2. person fleirtal:

De (subjekt) kom gåande ned bakken då vi såg dykk (objekt).  

Du kan også velje å nytte dokker i 2. person fleirtal. Dette pronomenet er likt i subjekts- og objektsform:

Dokker (subjekt) kom gåande ned bakken då vi såg dokker (objekt).

Merk:
Nynorsk har ikkje det personlege pronomenet den. Når vi viser til eit substantiv, nyttar vi helst han for eit hankjønnsord og ho for eit hokjønnsord, der vi på bokmål nyttar den:

Eg måtte vaske bilen etter fjellturen fordi han hadde blitt så skitten.
Dersom ikkje avisa ligg på den staden ho plar liggje, har hunden teke henne.

Vi nyttar likevel den som demonstrativ på nynorsk:

Den svarte Golfen var rådyr.
Cecilie, ho er ikkje den som mister motet.

Demonstrativet den kan også ha trykk:

Hovudgevinsten i lotteriet var ein sykkel. «Den kunne eg tenkt meg!» sa Anna.

5.2 Eigedomsord (possessiv)

eintal     
1. person   min
2. person   din
3. person   hans, hennar refleksiv: sin


fleirtal
1. person   vår
2. person   dykkar/dokkar
3. person   deira refleksiv: sin

Min, din og sin bøyer vi i kjønn og tal:

hankjønn hokjønn inkjekjønn fleirtal
(bilen)
min
(boka)
mi
(huset)
mitt
(vottane)
mine
din di ditt dine
sin si sitt sine

I samsvar med norsk talemål står eigedomspronomenet til vanleg etter substantivet:

Kvar er jakka mi? Eg finn berre genseren min og vottane dine.
Eg skal lufte hunden hennar medan ho er på ferie, men rottene hennar vil eg ikkje ta i.

Når pronomenet blir uttalt med trykk, kan det stå føre substantivet:

Min son oppfører seg ikkje slik!
Mi meining er like god som di!

5.3 Andre pronomen og determinativ

  • Båe/begge

Mange blandar saman båe og både.
Båe tyder det same som begge:

Begge to vart berga. Båe to vart berga.

Både er konjunksjon:

Både du og eg er inviterte.

  • Annan og ingen

Demonstrativa annan og ingen blir bøygde slik:

ein annan bil   ei anna avis   eit anna hus   andre bilar
ingen bil   inga avis   ikkje noko (inkje) hus ingen bilar

  • Nokon

Demonstrativet nokon har slik bøying:

nokon bil  noka avis  noko hus   nokre/nokon bilar

Nokon har to valfrie bruksmåtar i fleirtal på nynorsk.

Alternativ 1

Tradisjonelt skil ein mellom nokre og nokon i fleirtal. Eit slikt skilje finst ikkje på bokmål (noen). I fleirtal nyttar ein i så fall nokon særleg i nektande og spørjande setningar:

Møtte du nokon turistar på vegen? Ja, nokre få på veg til Straumbua.
Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon unnasluntrarar. Men nokre av deltakarane sneik seg unna likevel.

Det kan også vere nyttig å jamføre med engelsk some og any. Any kan omsetjast med nokon, og some kan omsetjast med nokre:

Did you see any cars? Såg du nokon bilar?
I saw some cars. Eg såg nokre bilar.
I didn’t see any cars. Eg såg ikkje nokon bilar.

Alternativ 2

Eit enklare alternativ er å bruke nokon i fleirtal i alle slags setningar:

Såg du nokon bilar? Ja, eg såg nokon bilar på vegen i dag, men i går såg eg ikkje nokon bilar.

Dersom ein vel alternativ 2, skal ein merke seg at det ikkje er korrekt å bruke nokre i spørjande og nektande setningar. I spørjande og nektande setningar heiter det alltid nokon.

  • Somme

Vi nyttar gjerne ordet somme i tydinga enkelte, einskilde:

Eg ville at alle skulle delta, eg ville ikkje ha nokon unnasluntrarar. Men somme av deltakarane sneik seg unna likevel.

  • Sjølv

Det heiter sjølv (med -v) på nynorsk, i fleirtal sjølve eller sjølv:

De må sjølv/sjølve ta ansvar for opplegget.

  • Ein

Det ubundne pronomenet ein (man og en på bokmål) blir brukt i allmenne utsegner:

Ein må vere nøye med å levere sjølvmeldinga innan fristen.
Når ein sit ofte og lenge ved datamaskinen, kan ein trenge ein løpetur innimellom.

Ofte kan du òg skrive om med dei eller folk:

Folk må passe på å levere sjølvmeldinga i tide.
Dei som sit ofte og lenge ved datamaskinen, kan trenge ein løpetur innimellom.

6 Frå bokmål til nynorsk

6.1 Omsetjing av substantiv

Ordtilfanget er alle orda i eit språk. Det finst inga grense for kor mange ord eit språk kan ha, og det samla norske ordtilfanget er så stort at det er vanskeleg å seie presist kor stort det er. Dialektane og dei to målformene våre gjev oss mange ord å velje mellom.

Ordtilfanget i nynorsk er ulikt ordtilfanget i bokmål. Det er ikkje noko skarpt skilje mellom dei, for størsteparten av orda er felles for nynorsk og bokmål. Likevel er det visse skilnader, og når vi skal skrive nynorsk, er det vel så viktig å gjere seg kjend med dei nynorske orda som å lære seg den nynorske grammatikken.

Mange har lært at visse ord er «forbodne» på nynorsk, særleg ord med ledda an-, be-, -else og -het. I dag er det opna for nokre slike ord i nynorsk, som angrep, beskjed, nyheit og verkelegheit, ved sida av dei tradisjonelle nynorskorda åtak, melding, nyhende og røyndom.

Mange av substantiva er heilt like på bokmål og nynorsk (mann, hus, bil), eller nesten like (gut, stad, namn). I listene nedanfor finn du i hovudsak tradisjonelle nynorske avløysarar for bokmålsord med ledda an-, be-, hen-, -het og -else, ettersom det særleg er her nynorskorda skil seg frå bokmålsorda.

  • Same hovudord, men utan prefiks og suffiks

Av og til er nynorskordet nær det same som bokmålsordet, berre utan prefiks eller suffiks. Det gjeld særleg substantiv som på bokmål endar på -ighet:

bokmål nynorsk
bestyrer styrar
betydning tyding, betydning
gevinst vinst, gevinst
rettferdighet rettferd
rettighet rett
samvittighet samvit/samvett
sannsynlighet sannsyn
tålmodighet tolmod
vanskelighet vanske

  • Same hovudord, men andre suffiks

Mange substantiv som har endinga -else på bokmål, har endinga -ing på nynorsk:

bokmål nynorsk
forberedelse førebuing
forståelse forståing
grunnleggelse grunnlegging                                                 
hendelse hending                     
stavelse staving           
undersøkelse undersøking  
utsettelse utsetjing

Substantiv som endar på -het på bokmål, endar ofte på -dom, -leik eller -skap på nynorsk:

bokmål nynorsk
frihet fridom
ærlighet ærlegdom
kjærlighet kjærleik
trygghet tryggleik
nærhet nærleik
likhet likskap
helhet heilskap

Av adjektiv som endar på -sam, har vi substantiv med endinga -semd:

adjektiv substantiv  
einsam einsemd (bm. ensomhet)
løn(n)sam løn(n)semd (bm. lønnsomhet)
merksam merksemd (bm. oppmerksomhet)
varsam varsemd (bm. varsomhet)
verksam verksemd (bm. virksomhet)

Av adjektiv som endar på -laus, har vi substantiv med endinga -løyse:

adjektiv substantiv  
arbeidslaus arbeidsløyse (bm. arbeidsløshet)
heimlaus heimløyse (bm. hjemløshet)
meiningslaus meiningsløyse (bm. meningsløshet)
motlaus motløyse (bm. motløshet)
smaklaus smakløyse (bm. smakløshet)

  • Same hovudord, men andre prefiks og suffiks

Av og til har nynorskordet anna prefiks enn bokmålsordet. Endinga kan òg vere ulik:

bokmål nynorsk
befaring synfaring
befrielse frigjering
begrep omgrep
begrunnelse grunngjeving/grunngiving
erkjennelse sannkjenning, erkjenning
forbehold atterhald
gjenkjennelse attkjenning
gjentakelse oppattak, oppattaking, gjentaking
hensyn omsyn
oversettelse omsetjing
henvisning tilvising

  • Nokre vanlege nynorske substantiv

Her er ei liste med nokre vanlege substantiv:

bokmål nynorsk
advarsel åtvaring (f.)
antall talet på
avgjørelse avgjerd (f.)
beskrivelse skildring (f.), beskriving (f.)
bilde bilete/bilde (n.)
bolig bustad (m.)
budskap bodskap (m./n.)
datter dotter (f.)
forutsetning føresetnad (m.)
gave gåve (f.)
hemmelighet løyndom (m.), hemmelegheit (f.)
hensikt føremål, formål (n.)
hjem, heim heim (m.)
hode hovud (n.)
ild eld (m.)
innflytelse innverknad (m.), makt (f.)
klær klede (n.)
leilighet husvære (n.), leilegheit (f.)
navn namn (n.)
oppgave oppgåve (f.)
opplevelse oppleving (f.)
personlighet personlegdom (m.)
sannhet sanning (f.)
selvfølgelighet sjølvfølgje (f.), ein sjølvsagd ting
sted stad (m.)
stillhet stille (f.), stillheit (f.)
størrelse storleik (m.)
sønn son (m.)
søster syster/søster (f.)
tall tal (n.)
unnskyldning orsaking (f.), unnskyldning (f.)
utseende utsjånad (m.)
valg val (n.)
verden verd (f.) (ei verd − verda)
vindu vindauge/ vindauga (n.)
virkelighet røyndom (m.), røynd (f.), verkelegheit (f.)

6.2 Omsetjing av verb

Substantiv med ledda an-, be-, er-, gjen-, hen- høyrer ofte saman med eit verb med same prefiks, som til dømes angripe – angrep, begynne – begynnelse. Nedanfor finn du ei liste med tradisjonelle nynorske avløysarar for verb med slike prefiks. Merk at mange av dei nynorske verba er laust samansette. Det vil seie at dei ikkje er skrivne i eitt ord, men i to eller fleire ord:

bokmål nynorsk
angå gjelde, angå
anta godta, godkjenne; meine, tru, rekne med, vente
antyde ymte om, gje eit vink om
anvende bruke, nytte
avspeile/gjenspeile spegle (av)
begrense grense av, avgrensa
begrunne grunngje, gje grunnar for
begynne byrje, ta til (med), opne med, begynne
beholde ha, få ha, halde på, behalde
belyse kaste lys over, gjere klår(are)
beskrive skildre, teikne, skrive om
beskylde skulde for
besvare svare på, løyse (t.d. ei oppgåve)
bety tyde, ha å seie, innebere, føre til, bety
bevege røre, setje i rørsle
erfare røyne, få vite, oppleve, erfare
erkjenne sannkjenne, vedgå, tilstå
ernære nære, fø, livberge seg
foregå gå føre seg, hende, stå på, vere i gang
foreligge liggje føre, finnast
forestille syne, vise, førestille
foreta gjere, setje i verk
fortsette halde fram, halde på, fortsetje
forvente vente, rekne med, forvente
fremstå stå fram, vise seg
gjenskape skape på nytt, skape om att
gjenstå stå att, vante, mangle, vere borte
gjenta ta opp att, seie om att, gjenta
gjenvinne vinne att, få att, bruke på nytt
henvende vende seg til, rette spørsmål/utsegn til, tale til
henvise vise til
meddele melde (frå), fortelje, gjere kjent
medføre føre til, føre med (seg)
motsi seie imot
overbevise overtyde
oversette setje om, omsetje
påvirke verke inn på, ha innverknad på, påverke
skyldes kome av, skrive seg frå
tilføye føye til, leggje til
utelukke stengje ute frå, sjå bort frå
vektlegge leggje vekt på

Her er ei liste med nokre vanlege verb du bør kunne:

bokmål nynorsk
bære bere
gi gje/gjeva el. gi
gjøre gjere
hilse helse
holde halde
huske hugse
lede leie
leie leige
se sjå
si seie
skjære skjere
spille spele
tegne teikne
velge velje
virke verke
vokse vekse
være vere
øke auke

6.3 Nynorske spørjeord

bokmål nynorsk
hva kva
hvem kven
hvor (om stad) kvar el. kor (Døme: Kvar/kor bur du?)
hvor (om grad) kor (Døme: Kor gammal er du?)
hvordan korleis
hvorfor kvifor el. korfor
hvilken kva, kva for ein, kva slag(s), kven av

6.4 Omsetjing av preposisjonar

bokmål nynorsk
foran framfor, føre
fra frå
nedenfor nedanfor
ovenfor ovanfor
overfor andsynes, imot, overfor
uten utan

6.5 Omsetjing av adverb

bokmål nynorsk
allerede allereie, alt
annerledes annleis
bare berre
ellers elles
enda endå/enda
ennå enno/ennå
fortsatt/fremdeles framleis, enno
kun berre
meget mykje, svært
sammen saman

6.6 Omsetjing av adjektiv

bokmål nynorsk
fornøyd nøgd, fornøgd
forrige førre
gal galen
gammel gamal/ gammal
grønn grøn
hel el. heil heil
hensiktsmessig føremålstenleg
høy/høg høg
innerst inst
jevn el. jamn jamn
lav/låg låg
mye mykje
nederst nedst
nødt (til) nøydd (til)
rød raud
selvfølgelig sjølvsagt
sen/sein sein
trett el. trøtt trøytt
ytterst ytst
øverst øvst
åpen open

6.7 Omsetjing av pronomen og determinativ

bokmål nynorsk
de (3. pers. fl.) dei
dere de (subjektsform) – dykk (objektsform) el. dokker – dokker
deres (2. pers. fl.) dykkar el. dokkar
deres (3. pers. fl.) deira
disse desse
hennes hennar
hun – henne ho – ho el. henne
hver kvar
man el. en ein
noe(n) noko(n)
samme same
selv/sjøl sjølv (fleirtal: sjølve eller sjølv)

6.8 Dagar og årstider

bokmål nynorsk
mandag måndag
tirsdag tysdag
onsdag onsdag
torsdag torsdag
fredag fredag
lørdag laurdag
søndag sundag/søndag
uke veke
morgen morgon
måned månad
høst haust
sommer sommar/sumar

6.9 Småord og seiemåtar

bokmål nynorsk
enten anten el. enten
betydning vere viktig, ha mykje å seie
tyding (av eit ord)
fikk stor betydning fekk mykje å seie
for øvrig elles, forresten
hvis el. viss om, dersom, viss
i hvert fall i alle fall
etter hvert etter kvart
mens medan/mens
overhodet i det heile
samt og

6.10 Genitiv

S-genitiv har alltid vore i bruk i nynorsk, men i mindre omfang enn i bokmål.

  • Når kan vi bruke s-genitiv på nynorsk?

  1. Ved særnamn er s-genitiv vanleg:
    Noregs land, Noregs Bank, Vinjes skrifter, Ibsens skodespel
     
  2. Ved samnamn i ubunden form eintal og fleirtal er det òg vanleg å nytte s-genitiv:
    lang dags ferd mot natt, i manns minne, på kvinners vis
     
  3. I uttrykk for tid og mål:
    eit års arbeid, tre kilometers veg, ei vekes tid


I namn på offentlege institusjonar er s-genitiven komen i bruk ved hankjønns- og inkjekjønnsord i bunden form eintal:

Statens forureiningstilsyn
Statsministerens kontor
Forsvarets overkommando
Stortingets ombodsmann for forvaltninga

  • I staden for s-genitiv: skriv om!

Vi bruker ikkje så ofte genitiv når vi snakkar. I staden for å tenkje kva du ville ha skrive (på bokmål), kan det vere lurt å tenkje på kva du ville ha sagt.

Då er det ofte vanleg å skrive om ved hjelp av

  • preposisjonar
  • samansette ord
  • sin, si, sitt, sine
  • leddsetningar

a) Omskriving med preposisjonar

bokmål nynorsk
bygdas folk folket i bygda
rådmannens innstilling innstillinga frå rådmannen (betre enn innstillinga til rådmannen, som kan mistydast)
kommunens vedtak vedtaket i/til kommunen
barnehagens størrelse storleiken på/til barnehagen
ungdommenes alder alderen på ungdommane
skolens nettside nettsida til skulen/skolen
Spanias hovedstad hovudstaden i Spania

b) Omskriving med samansette ord

bokmål nynorsk
bygdas folk bygdefolket
Stortingets vedtak stortingsvedtaket
FNs erklæring om menneskerettighetene  FN-fråsegna om menneskerettane
skolens bibliotek skulebiblioteket

c) Omskriving med sin, si, sitt og sine

Der det er tale om eigedomstilhøve, kan du gjerne bruke omskriving med sin, si, sitt og sine. Konstruksjonar med sin er særleg utbreidd i talemålet langs kysten, men er også vanlege i skriftspråket:

bokmål
bondens traktor bonden sin traktor
naboens hytte naboen si hytte
Elis hus Eli sitt hus
Øysteins sykkel Øystein sin sykkel
ordførerens forslag ordføraren sitt framlegg
skolens penger skulen sine pengar

I samanhengar der eigedomstilhøvet ikkje er like tydeleg, bør du vurdere andre løysingar:

bokmål nynorsk
russestyrets leder leiaren for/i russestyret
bygningenes vaskeareal vaskearealet i bygningane

d) Omskriving med leddsetning

bokmål nynorsk
Utvalgets oppgave består i å Oppgåva (som) utvalet har fått, går ut på å / Utvalet har fått i oppgåve å
en skisse som viser etatens oppbygning ei skisse som viser korleis etaten er oppbygd
Det er gitt ulike signaler om kontorets framtidige plassering Det er gjeve ulike signal om kvar kontoret skal plasserast/vere/liggje

De diskuterte … Dei diskuterte …
… beløpets størrelse … kor stort beløpet er / var / skulle vere
... etatens oppbygning … korleis etaten er oppbygd
… kontorets framtidige plassering … kvar kontoret skal plasserast/vere/liggje
… bilens tilstand … den tilstanden bilen var i