Velkommen!
Her kan du som offentleg tilsett øve deg i nynorsk grammatikk og rettskriving.For å finne ut kva du kan, bør du først ta kartleggingstesten, som inneheld øvingar på det vanskelegaste nivået. Deretter kan du plukke øvingsoppgåver fritt, eller du kan skreddarsy di eiga øvingsrekkje. I minigrammatikken har vi samla dei viktigaste reglane du må kunne for å bli ein meister i nynorsk. Lukke til!
Denne nettstaden er laga av Språkrådet og er i hovudsak retta mot offentleg tilsette. Innhaldet er utarbeidd i tråd med den nye nynorskrettskrivinga som gjeld frå 1. august 2012. Send gjerne ein e-post til post@sprakradet.no dersom du oppdagar feil eller har kommentarar til innhaldet.